NOKUT akkrediterer master i rettsvitskap ved UiA og UiS
NOKUT har fatta vedtak om akkreditering av master i rettsvitskap frå Universitetet i Agder (UiA) og Universitetet i Stavanger (UiS). Dei to universiteta kan dermed søkje Kunnskapsdepartementet om å etablere utdanningane.
– Eg vil gratulera UiA og UiS. Begge to har vist at dei oppfyller alle nødvendige krav for å kunne opprette master i rettsvitskap, seier NOKUTs tilsynsdirektør Nina Waaler.
Søknadane om akkreditering er vurdert av ein sakkunnig komité beståande av personar frå same fagområde med relevant bakgrunn og erfaring. Komiteen har vurdert om alle krava til akkreditering er oppfylt. NOKUT har fatta vedtak om akkreditering av studiane etter tilråding frå dei sakkunnige. Komiteen har også gitt UiA og UiS tilrådingar om korleis dei kan utvikle utdanningane vidare.
– I oktober i fjor fekk Handelshøyskolen BI akkreditert masteren sin i rettsvitskap, medan UiA og UiS bad om mogelegheit til å supplere søknadane sine med ny informasjon. Den sakkunnige komitéen gjorde ei ny vurdering og konkluderte denne gongen med at alle krava er oppfylte. Komiteen anbefalte dermed NOKUT å akkreditere studietilboda, noko vi har gjort, forklarer Waaler.
Før dei to universiteta kan etablere masterutdanningane, må dei søkje Kunnskapsdepartementet om godkjenning.
Last ned tilsynsrapportane:
- Master i rettsvitenskap – Universitetet i Agder (pdf)
- Master i rettsvitenskap – Universitetet i Stavanger (pdf)