NLA Høgskolen innfrir alle krav til akkreditering som høgskule
Etter NOKUTs revidering er det no klart at NLA Høgskolen beheld sin akkreditering som høgskule.
– Det er gledeleg å sjå at både fagmiljøet og forskingsaktiviteten er styrkt, og at vi no kan konkludere i denne saka. Den sakkunnige komitéen vurderer at alle kriteria for akkreditering som høgskule er oppfylt, og at høgskulen viser framgang på sentrale område. NOKUTs styre har no fatta vedtak i tråd med denne vurderinga, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.
Med dagens behandling i NOKUTs styre blir revideringa av NLA Høgskolens institusjonsakkreditering avslutta.
Rapporten frå komiteen blei send til NLA Høgskolen 23. august, og 29. august leverte høgskulen sin offentlege fråsegn til han. I svaret skriv dei at "rapporten gir ein svært god samanfatning av kompetansen og forskinga til høgskulen målt mot andre norske UH-institusjonar som det er naturleg å samanlikne med".
Om prosessen
Revideringa av NLA Høgskolens akkreditering som høgskule har gått føre seg sidan 2019. I desember 2021 konkluderte NOKUTs styre med at høgskulen ikkje oppfylte alle krav til akkreditering som høgskule og at høgskulen måtte rette opp dette. Manglane som blei trekt fram den gongen var knytte til forskingsaktivitet, fagmiljø og førstestillings- og toppkompetanse. Høgskulen fekk to år på seg til å rette opp desse manglane.
Les også: NLA Høgskolen må rette opp mangler for å beholde status som akkreditert høyskole
Alle krav er no innfridde, og i rapporten frå den sakkunnige komiteen blir det slått fast at NLA Høgskolen har vist framgang og at høgskulen no er på nivå med andre akkrediterte høgskular og tilfredsstiller krava til fagmiljø og forsking.
Om NLA Høgskolen
NLA Høgskolen er ein privat høgskule som blei akkreditert av NOKUT i 2006, den gongen under namnet NLA Bachelor- og masterstudiar. Denne institusjonen fusjonerte med NLA Lærerhøgskolen i 2010, og den nye institusjonen fekk namnet NLA Høgskolen. Høgskulen er organisert som eit aksjeselskap og er ått av seks kristne organisasjonar og eit kyrkjesamfunn. Eigarane er Normisjon, Norsk Luthersk Misjonssamband, Det Norske Misjonsselskap, Indremisjonsforbundet, Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag, Søndagsskolen Norge og Den evangelisk-lutherske frikirke. NLA Høgskolen har sidan 2010 vore igjennom fleire utvidingar og fusjonar, og i dag har høgskulen fire studiestadar fordelte på Bergen, Oslo og Kristiansand.
NLA Høgskolen er organisert i sju vitskapelege avdelingar:
- Avdeling for lærerutdanning, Bergen og Oslo
- Avdeling for pedagogikk, Bergen
- Avdeling for interkulturelle studier, Kristiansand og Bergen
- Avdeling for teologi, religion og filosofi, Bergen, Oslo og Kristiansand
- Avdeling for journalistikk, medier og kommunikasjon, Kristiansand
- Avdeling for musikk, Oslo
- Avdeling for økonomi og administrasjon (Hauge School of Management, HSM), Oslo
NLA Høgskolen tilbyr ei rekkje studietilbod på bachelor- og masternivå innanfor dei ovannemnde fagområda, og hadde i samsvar med DBH 2476 registrerte studentar i 2023. NLA Høgskolen har ingen akkrediterte ph.d.-studiar per nå. Som akkreditert høgskule kan NLA Høgskolen sjølve opprette nye studietilbod på bachelornivå utan å søkje NOKUT om akkreditering. NLA Høgskolen har ikkje fullmakt til sjølv å akkreditere studietilbod på master- og ph.d.-nivå.