Nina Waaler blir ny tilsynsdirektør i NOKUT
Waaler kjem frå stillinga som prorektor ved OsloMet og byrjar i jobben 1. september.
Nina Waaler er tilsett som ny avdelingsdirektør i avdeling for regelverk og tilsyn i NOKUT. Ho overtek etter Øystein Lund, som i midten av august blir Noregs spesialutsending for forsking og høgare utdanning i Storbritannia. Waaler kjem frå stillinga som prorektor ved OsloMet, der ho tidlegare også har fungert som rektor.
NOKUT-direktør Kristin Vinje er svært nøgd med å få Nina Waaler på plass.
– Nina er ein erfaren leiar som kjenner både sektoren generelt og NOKUT svært godt. Ho har lang og god erfaring både som undervisar, forskar og leiar, så eg gleder meg til å få ho til NOKUT og ser fram til å samarbeide med ho, seier Kristin Vinje.
Nina Waaler seier sjølv at ho gleder seg til å kome til NOKUT:
– Ja, veldig! Spesielt gleder eg meg til å treffe nye kollegaer og ta fatt på alle dei spennande arbeidsoppgåvene som ligg føre oss. Inntrykket mitt er at NOKUT er ein profesjonell organisasjon med viktige arbeidsoppgåver, hyggjelege medarbeidarar og høg kompetanse, seier Nina Waaler.
Nina Waaler har ein lang og brei CV å vise til, både i akademia og i politikk for høgare utdanning høgare utdanningspolitikk. Etter avlagt doktorgrad i idrettsvitskap tilbake i 1998, har Waaler i fleire år jobba som forskar, undervisar og leiar ved Noregs idrettshøgskule og Høgskolen i Oslo/Høgskolen i Oslo og Akershus/OsloMet. Sidan 2015 har Nina Waaler vore prorektor for utdanning ved OsloMet. Mellom august 2021 og mars 2022 fungerte ho også som rektor ved OsloMet.
Nina Waaler startar jobben i NOKUT 1. september 2022.
(Foto på startsiden: Sonja Balci / OsloMet)