Masteroppgåve og praksis i grunnskulelærarutdanninga under lupa
To ferske rapportar går djupare inn i tilbakemeldingane frå grunnskulelærarstudentane på spørsmål om masteroppgåve og praksis.
I 2023 gjennomførte NOKUT fleire store spørjeundersøkingar knytte til evalueringa av grunnskulelærarutdanningane (GLU). I to ferske analyserapportar har vi sett nærare på spørsmåla og svardata knytt til masteroppgåva og praksis.
– Vi har fått veldig mange interessante tilbakemeldingar frå studentar, kandidatar, praksislærarar og undervisarar som har deltatt i desse spørjeundersøkingane, men det er viktig å påpeike at det er ulike meiningar både internt i og på tvers av desse gruppene, fortel NOKUTs analysedirektør Ole-Jacob Skodvin.
Resultata frå undersøkingane blir viktige bidrag inn i sluttrapporten frå evalueringa, som blir lansert mot slutten av 2024.
– Denne evalueringa vil bidra med viktig kunnskap for kvalitetsutviklinga i grunnskulelærarutdanningane, seier Skodvin.
Les meir: Dei fleste grunnskulelærarstudentar ønskjer å jobbe som lærar
Masteroppgåve
Frå 2017 vart grunnskulelærarutdanningane femårige mastergradsutdanningar for alle. Masteroppgåve for GLU har vore debattert dei siste månadene, og i denne evalueringa er masteroppgåva eit av hovudtemaa som blir belyste.
Med berre to kull som har gjennomført, er ordninga med masteroppgåve i GLU framleis ganske fersk. Trass i det seier dei fleste studentar at dei opplever å vere godt førebudd til arbeidet med oppgåva. Innføring i forskingsetikk, metodekurs og rettleiing blir trekt fram som viktige faktorar for at studentane er klare for masteroppgåva.
Det det gjerne skortar på, ifølgje studentane sjølv, er eigen motivasjon og sjølvdisiplin for å gjennomføre ei masteroppgåve.
Mange studentar trekkjer fram rettleiinga dei får som bra.
– I fritekstsvara går det fram at studentane er positive til rettleiinga dei får, men undervisarane oppgir at det er utfordrande å skaffe nok og kompetente rettleiarar. Undervisarane trekkjer også fram dei manglande akademiske evnene til studentane og lite tid til masteroppgåva som utfordrande, seier Skodvin.
Analysane viser også at dei som skriv saman med andre, får langt betre karakterar på masteroppgåva enn andre. Dette gjeld særleg i matematikk og norsk.
Les rapporten om masteroppgåva (pdf)
Praksis
Den andre rapporten ser på organiseringa og gjennomføringa av praksis.
Dette er ein viktig arena for studentane til å møta arbeidslivet, og tilbakemeldingane er gode.
Undersøkinga viser nemleg at dei fleste studentane meiner praksisen fungerer bra, og at dei opplever den som lærerik. Likevel ønskjer dei seg meir.
– Det er mange som svarer at dei ønskjer lengre praksisperiodar. Det gjeld ikkje berre studentane, men er ei tilbakemelding som kjem frå alle gruppene vi har snakka med, seier Skodvin.
Les rapporten om praksis (pdf)
Resultata frå NOKUTs evaluering blir også tema på Arendalsuka i august. Les meir om dette arrangementet.
NOKUTs satsing på lærarutdanningar
Prosjektet inngår som ein del av NOKUTs samla fokus på lærarutdanning dei siste åra, med eksempelvis APT-prosjektet for grunnskulelærarutdanninga (GLU), kartlegginga av Praktisk pedagogisk utdanning (PPU) og kartlegging og evaluering av lektorutdanningane.
Prosjektet er ein del av NOKUTs arbeid med å evaluere, analysere og formidle informasjon om kvalitetstilstanden i norske studieprogram. Meir informasjon om NOKUTs evalueringar av utdanningskvalitet.
Kunnskapsdepartementet har også vigd stor merksemd til lærarutdanningane, gjort tydeleg igjennom Lærerutdanningene 2025. Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærarutdanningane.