Kvalitetsarbeidet ved Norsk barnebokinstitutt tilfredsstiller krava, det gjeld ikkje Skrivekunstakademiet
Kvalitetsarbeidet ved Norsk barnebokinstitutt (NBI) er no tilfredsstillande, medan det hos Skrivekunstakademiet (SKA) framleis ikkje er tilfredsstillande.

Styret i NOKUT har behandla to tilsynssaker etter oppretting av manglar i kvalitetsarbeidet. I mai 2024 fekk begge høgskulane vedtak om enkelte manglar i kvalitetsarbeidet og ein frist på åtte månadar for å levere dokumentasjon på oppretting. Styret i NOKUT har no fatta endelege vedtak i sakene, i tråd med vurderingane til den sakkunnige komitéen.
– Vi er glade for at Norsk barnebokinstitutt har retta opp manglane og no har eit tilfredsstillande kvalitetsarbeid. Når det gjeld Skrivekunstakademiet, er det uheldig at ikkje alle manglane er følgde opp. Vi forventar at høgskulen tar nødvendige grep i tida som kjem for at kvalitetsarbeidet skal oppfylle krava til kvalitetsarbeid, seier direktør i NOKUT Kristin Vinje.
Norsk barnebokinstitutt har tilfredsstillande kvalitetsarbeid
Norsk barnebokinstitutt har retta opp dei manglane som blei påpeika i 2024. Komitéen roser instituttet for eit grundig og godt arbeid med opprettinga. NBI har gjennomført både periodisk evaluering og systematisk kontroll med krava til akkreditering av studietilbod i løpet av hausten 2024.
– Norsk barnebokinstitutt har gjort ein solid innsats på kort tid. Instituttet har jobba målretta og systematisk med å rette opp manglane i kvalitetsarbeidet, seier Kristin Vinje.
Les rapporten her: Norsk barnebokinstitutt – periodisk tilsyn med systematisk kvalitetsarbeid (pdf)
Om Norsk barnebokinstitutt
Norsk barnebokinstitutt er ein privat stiftelse etablert i 1979 med formål å vere eit nasjonalt forskings-, undervisnings- og formidlingsinstitutt for barne- og ungdomslitteratur. Instituttet tilbyr ein forfattarutdanning i skrivekunst og litteraturformidling på 60 studiepoeng, ein vidareutdanning i samtidslitteratur for barn og unge på 30 studiepoeng og ein master i skrivekunst og formidling for barn og unge på 120 studiepoeng.
Skrivekunstakademiet har ikkje tilfredsstillande kvalitetsarbeid
Skrivekunstakademiet har ikkje retta opp alle dei manglane som blei påpeika i 2024. Komiteen ser alvorleg på at institusjonen ikkje har dokumentert oppretting av alle manglane, spesielt med tanke på krava til systematisk kontroll med krav til akkreditering av studietilbod. Komitéen understrekar at sjølv små institusjonar må ha eit system og eit kvalitetsarbeid som er i tråd med forskriftskrava.
Les rapporten her: Skrivekunstakademiet – periodisk tilsyn med systematisk kvalitetsarbeid (pdf)
SKA blei etablert i 1985 og held til i Bergen. Høgskulen tilbyr eit akkreditert årsstudium i skapande skriving og eit ikkje-akkreditert påbyggingskurs i skrivekunst.
Vedtaket om at kvalitetsarbeidet ved SKA ikkje er tilfredsstillande, er NOKUT sitt endelege vedtak i saka. SKA kan be NOKUT om å gjennomføre eit nytt tilsyn eitt år etter at det endelege vedtaket er fatta. Så lenge kvalitetsarbeidet ved SKA ikkje er godkjent av NOKUT, kan NOKUT pålegge SKA søknadskarantene for søknadar om akkreditering av nye studietilbod og for søknadar om akkreditering som høgskule.