Kunstfagskulane oppfyller krav til systematisk kvalitetsarbeid
NOKUT har no avslutta tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet ved fem kunstfagskular etter at manglar blei påpeikte i 2021. Fagskulane har retta opp feil og manglar, og dei oppfyller no alle vurderte krav til kvalitetsarbeid i fagskuletilsynsforskrifta.
Fagskulane det blei ført tilsyn ved var Asker Kunstfagskole, Det Tverrfaglige Kunstinstitutt, Einar Granum Kunstfagskole, Kunstskolen i Bergen, Kunstskolen i Stavanger og Ytre kunstfagskole.
– Målet med tilsynet er å bidra til betre kvalitetsarbeid og kvalitetsutvikling ved fagskulane og sikre at fagskulane forstår og etterlever regelverket. Det er gledeleg at alle saman no har fått godkjent kvalitetsarbeidet sitt, seier NOKUTs tilsynsdirektør Nina Waaler.
Ordinært tilsyn med kvalitetsarbeidet til fagskulane førte til manglar og opprettingar
Alle desse fagskulane er relativt små institusjonar som tilbyr utdanning innanfor visuelle kunstfag. Ingen av fagskulane har tidlegare vore igjennom tilsyn med kvalitetsarbeidet sitt. Sjølv om fagskulane har mange fellestrekk, er det likevel stor variasjon i korleis dei ulike fagskulane har innretta det systematiske kvalitetsarbeidet sitt.
Etter første runde med tilsyn i september 2021 konkluderte NOKUT med at alle dei seks kunstfagskulane hadde manglar i kvalitetsarbeidet sitt, og fagskulane fekk eit års frist til å rette opp manglane. Kunstskolen i Bergen fekk godkjent det systematiske kvalitetsarbeidet sitt allereie i juni 2022.
NOKUT avslutta tilsynet ved resten av dei fem kunstfagskulane 13. desember 2022, etter å ha vurdert at alle fagskulane har retta opp dei påpeikte manglane.
NOKUTs vurderingar av kvalitetsarbeidet til fagskulane
– Alle kunstfagskulane har dokumentert at dei utfører mykje godt kvalitetsarbeid i form av tett dialog mellom studentar, tilsette og leiinga om kvaliteten på utdanningane. I den første runden av tilsynet fann NOKUT likevel fleire manglar i kvalitetsarbeidet til fagskulane som i hovudsak knytte seg til det formelle og dokumenterte kvalitetsarbeidet, seier Waaler.
Ved fleire av fagskulane var det uklare ansvarsforhold og rapporteringslinjer i kvalitetsarbeidet, og det var vanskeleg å få god oversikt over korleis dei ulike delane av kvalitetsarbeidet skulle gjennomførast. Vidare dokumenterte ikkje alle fagskulane tydeleg nok korleis dei systematisk bruker den informasjonen dei samlar inn om kvaliteten på utdanningane igjennom kvalitetsarbeidet sitt, til å forbetre og vidareutvikle kvaliteten.
– Fagskulane har arbeidt godt igjennom opprettingsperioden og gjort fleire gode grep for å rette opp manglane i kvalitetsarbeidet, forklarer Waaler.
Etter opprettinga har alle fagskulane anten revidert kvalitetssikringssystemet sitt eller utvikla eit nytt system for kvalitetssikring. Dei har også sikra at ansvarsforhold og rapporteringslinjer i kvalitetsarbeidet er tydeleg beskrive, og at det er enkelt for studentar og tilsette å forstå korleis kvalitetsarbeidet skal gjennomførast. Alle kunstfagskulane dokumenterer no tydeleg korleis dei bruker den informasjonen dei samlar inn til å vurdere kvaliteten på utdanninga og til å kunne setje i verk tiltak for forbetring og utvikling.
– NOKUT vil gi honnør til kunstfagskulane for det gode arbeidet dei har gjort med å rette opp manglane og forbetre kvalitetsarbeidet. Vi er også glade for å sjå at fleire av fagskulane sjølv uttrykkjer til NOKUT at tilsynsprosessen har vore konstruktiv og lærerik, og at dei bruker erfaringar frå tilsynet i arbeidet sitt med vidareutvikling og forbetring av utdanningane sine, seier Waaler.
Ved dei minste institusjonane kan det vere krevjande å finne ein god balanse mellom eit system for kvalitetssikring som skal oppfylle alle dei rettslege krava samtidig som systemet skal vere godt dimensjonert og eigna for fagskulens eigenart.
– Dette har kunstfagskulane løyst på ein god måte. Nokon av fagskulane blir likevel anbefalte å sjå om dei framleis kan gjere nokre grep for å forenkle kvalitetssystemet slik at det ikkje blir meir arbeidskrevjande og byråkratisk enn nødvendig, avsluttar tilsynsdirektøren.
Tilsynrapportar
- Asker kunstfagskole (pdf)
- Det Tverrfaglige Kunstinstitutt (pdf)
- Einar Granum Kunstfagskole (pdf)
- Kunstskolen i Stavanger (pdf)
- Ytre kunstfagskole (pdf)