I hamn med mange viktige oppgåver

NOKUTs 20-ende år var både innhaldsrikt og travelt. Trass i mange parallelle prosessar og vekst i dei ordinære oppgåvene, stigande tal på søknader og eit stramt budsjett har NOKUT levert godt og kan vise til god måloppnåing i samsvar med den nye strategien, NOKUT 2030: Sikre kvalitet, skape tillit.

I 2023 bidrog NOKUT til at 39 nye utdanningar såg dagens lys – rundt om i heile landet. Dette er alt frå fagskuleutdanningane bar manager og vindkraft og energilagring til ei masterutdanning i rettsvitskap. Samtidig blei dette også eit år med rekordhøge søknadstal for å få akkreditert nye studieprogram og fagområde – heile 144 søknader. På toppen av det fekk vi inn 208 meldingar om endringar i utdanningar ved fagskular. Dette er endringar som NOKUT må godkjenne før utdanningane kan setjast ut i livet.

– Den store auken i søknader på fagskuleområdet har vore særleg utfordrande. Derfor har det vore viktig å disponere dei samla ressursane effektivt. Gjennom året er det gjort omdisponeringar på tvers av organisasjonen og mellom oppgåver. I tillegg er det teke i bruk nye arbeidsmetodar, og prosessar er forenkla, seier NOKUTs direktør Kristin Vinje.

Rosande omtale frå ENQA

Ein viktig milepåle i jubileumsåret var at NOKUT fekk fornya medlemskapen i medlemsorganisasjon for dei europeiske kvalitetssikringsorgan, ENQA, og vidareført registreringa si i EQAR, som er eit register over europeiske kvalitetssikringsorgan som oppfyller dei europeiske kvalitetsstandardane, ESG.

– Dette stadfestar at arbeidet i NOKUT er av internasjonalt høg kvalitet. Evalueringspanelet trekte spesielt fram det gode arbeidet NOKUT gjer med metodeutvikling, og at vi har ein god og open dialog med institusjonane. Dei meinte at dette er noko av det som vil bidra til kvalitetsutvikling av sektoren, og som vil sikre at kvalitetsarbeidet ikkje berre skjer gjennom kontroll, seier Vinje.

God utdanningskvalitet til alle

Alle skal oppleve god utdanningskvalitet der dei studerer, anten det er ved eit universitet, ein høgskule eller ein fagskule. I Noreg har vi til saman 10 universitet, 38 høgskular og 61 fagskular, både offentlege og private.

Felles for alle institusjonane er at dei må følgje krav som skal sikre at dei har eit system for å ta vare på og utvikle kvaliteten i utdanningane sine. Som akkrediterings- og tilsynsstyresmakt har vi i NOKUT ansvaret for at dette skjer, men det er institusjonane sjølve som har ansvaret for å sjå til at det blir arbeidd godt med utdanningskvaliteten på alle nivå.

– I vår eigen strategi for perioden fram mot 2030 har vi staka ut kursen for korleis NOKUT skal arbeide for å sikre kvalitet og stimulere til utvikling på ein slik måte at samfunnet har tillit til at fagskular, høgskular og universitet leverer gode utdanningar til studentane sine. Studentane fortener å få best mogleg utdanning, samtidig som samfunnet er avhengig av at kandidatane er kompetente når dei kjem ut i arbeidslivet, seier Vinje.

Treffsikker og tilpassa kvalitetssikring

I 2023 fullførte NOKUT tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet ved 4 universitet, 1 vitskapleg høgskule etter vedtak om oppretting og 5 høgskular. I tillegg sette vi i gang 12 nye slike tilsyn ved høgskular. Dermed har vi følgt opp kvalitetsarbeidet ved institusjonar som til saman husar i overkant av 110 000 studentar innanfor høgare utdanning. Dette utgjer om lag 1/3 av studentane som tek høgare utdanning i Noreg.

– Gjennom tilsyna bidreg vi til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanningane. Når NOKUT gjennomfører tilsyn, kontrollerer vi om regelverket blir følgt og gir pålegg om oppretting av dei manglane vi finn. Vi vil framover fortsetje å tilpasse arbeidsmetodane våre slik at institusjonane opplever dei som nyttige i kvalitetsarbeidet sitt, og slik at dei kan utvikle studieprogramporteføljen sin, fortel Vinje.

NOKUTs eksterne kvalitetssikring består i både å kontrollere og å bidra til utvikling. Våre verkemiddel skal vere treffsikre og tilpassa eigenarten og dei faglege fullmaktene til institusjonane. Vi skal i større grad stimulere til utvikling. Utgreiingane og analysane våre skal bidra til auka kunnskap om ulike forhold som har innverknad på kvaliteten i studia. I tillegg skal vi sørgje for at akkrediteringsprosessane er effektive, slik at fleire studietilbod kjem raskare på plass, og slik at næringslivet får betre tilgang til kandidatar med rett kompetanse.

Temasaker

I årsrapporten har tre tema fått litt større plass.

– Hensikta er å trekkje fram eksempel som utdjupar korleis arbeidet vårt har bidrege til gode resultat og gitt effektar for brukarane eller har hatt ein viktig samfunnseffekt, seier NOKUT-direktøren.

Internasjonalt anerkjent kvalitetsorgan

I juli kom den endelege beskjeden – NOKUT var godkjend av ENQA for fem nye år. Rett etter blei vi godkjende av EQAR og lagt inn i registeret deira. Kva har dette å seie for NOKUT? Kvifor er desse godkjenningane så viktige?

Kunstig intelligens og datadeling i NOKUT

I NOKUT jobbar vi for å utnytte potensialet i både dagens teknologi og moglegheitene i framtida. Det blir mellom anna gjort ved å ta i bruk kunstig intelligens (KI) i analysearbeid og å sørgje for betre bruk av våre eigne data.

NOKUTs periodiske oppfølging bidrar til at samfunnet kan ha tillit til utdanningskvaliteten

NOKUTs periodiske oppfølging med det systematiske kvalitetsarbeidet til institusjonane skal bidra til at samfunnet kan ha tillit til at norsk høgare utdanning held eit høgt internasjonalt nivå, og at både NOKUT og utdanningsinstitusjonane følgjer opp forpliktingane sine.

  • Les Årsrapport for 2023 (pdf)

Nokon nøkkeltal frå 2023

Nøkkeltal for NOKUTs verksemd

15 gjennomførte tilsyn. 39 vedtak om akkrediteringar av norske utdanningstilbod. 208 endringar om utdanningar ved norske fagskular. 31 fagpolitiske innspel.

Tilsyn

Fagskular: 0. Høgskular: 2 tilfredsstillande, 3 manglar. Vitskaplege høgskular: 1 tilfredsstillande, 0 manglar. Universitet: 4 tilfredsstillande, 0 manglar. Økonomiske tilsyn: 0 tilfredsstillande, 3 manglar. Økonomiske tilsyn oppretting: 2 tilfredsstillande, 0 manglar. Tilfredsstillande betyr at krava er oppfylte og tilsynet er avslutta. Manglar betyr at institusjonane ikkje innfrir krava til kvalitetsarbeid. Det omfattar både vesentlege og enkelte manglar med pålegg om oppretting i det fyrste vedtaket og endeleg vedtak om vesentlege manglar etter fullført tilsyn.

Talet på deltakarar på nasjonal deleksamenar

Talet på deltakarar på nasjonal deleksamenar i 2023

Matematikkdidaktikk og algebraisk tenking for lærarstudentar (GLU) for trinn 1–7 og trinn 5–10: 2 073 i 2022, 1 934 i 2023. Anatomi, fysiologi og biokjemi for sjukepleiestudentar (AFB): 6 425 i 2022, 6 126 i 2023. Rettsbruk for masterstudentar i barnevern: 165 i 2022, 370 i 2023.

Talet på innspel til KD, høyringar

Talet på innspel til KD, høyringar

14 kronikkar og innlegg. 10 innspel til KDs arbeid. 7 høyringsinnspel frå NOKUT. Totalt 31.

Tilsette og årsverk etter verksemdsområde

Tilsette og årsverk etter verksemdsområde

Tilsette: 95. Evaluering og analyse: 21. Akkreditering og tilsyn: 35. Regelverk og økonomisk tilsyn: 14. Fellestenester: 19. Kommunikasjon og samfunnskontakt: 6. Årsverk: 77,6. Evaluering og analyse: 16. Akkreditering og tilsyn: 27. Regelverk og økonomisk tilsyn: 11,2. Fellestenester: 19,2. Kommunikasjon og samfunnskontakt: 4,2.

Del med andre