Høgskolen i Innlandet får godkjent to nye doktorgradsutdanningar
NOKUT har akkreditert to doktorgradsprogram ved Høgskolen i Innlandet, ph.d.-studium i kunstnarleg utviklingsarbeid i film og liknande audiovisuelle kunstformer og ph.d.-studium i helse og velferd.
– Vi gratulerer Høgskolen i Innlandet (HINN) med sine to nye doktorgradsprogram. Akkreditering av doktorgradsprogramma inneber også at HINN får fullmakt til å sjølv akkreditere studium på masternivå innan dei same fagfelta, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.
Kunstnerisk utviklingsarbeid i film og beslektede audiovisuelle kunstformer
HINN har fått akkreditert ph.d.-studiet i kunstnerisk utviklingsarbeid i film og beslektede audiovisuelle kunstformer. Doktorgradsprogrammet blir tilbode av Den norske filmskolen, som er eit av fakulteta ved høgskulen. HINN vil nå, som den einaste utdanningsinstitusjonen i Noreg, kunne tilby kunstnarleg utviklingsarbeid innanfor film og liknande kunstformer på alle nivå – bachelor, master og ph.d. Dette vil vere positivt for rekruttering og utvikling på fagområdet.
Fagområdet for doktorgraden er kunstnarleg utviklingsarbeid og alle fagretningar som inngår i utvikling og produksjon av film og dei audiovisuelle kunstformene som den er avleidd av, og som står i eit forhold til ein filmkunstfagleg diskurs. Programmet dekkjer alle fagområde som tradisjonelt inngår i film- og TV-produksjon og -utvikling samt kunstpraksisar i det utvida filmfeltet som tek opp i seg bruk av ny teknologi og nye medium, og som utforskar nye audiovisuelle format for nye plattformer.
Helse og velferd
Ph.d.-programmet i helse og velferd er ei forskarutdanning med utgangspunkt i sosialvitskap, helsevitskap, folkehelsevitskap og idrettsvitskap. Det har grunnlaget sitt i det tverrvitskaplege forskingsmiljøet ved fakultet for helse- og sosialvitskap.
Studiet ser desse områda i samanheng med kvarandre, ved for eksempel at idrettsvitskap ikkje berre er retta mot basalproblemstillingar eller prestasjonsidrett, men vel så mykje mot helse og rehabilitering som indirekte hjelp til befolkninga si velferd. Det planlegges også samarbeid med Sykehuset Innlandet. Dette skal bidra til å byggje eit miljø i helse og velferd lokalt i Innlandet og, med det, halde på uteksaminerte både ved HINN og ved Sykehuset Innlandet.