Historisk akkreditering av ph.d.-utdanning ved Høgskolen i Østfold

Med akkreditering av Digitalisering og samfunn har Høgskolen i Østfold fått sitt første doktorgradsprogram.

Foto: Bård Halvorsen (HiØ)
Foto: Bård Halvorsen (HiØ)

Styret i NOKUT vedtok i dag å godkjenne søknaden frå Høgskolen i Østfold (HiØ).

Tilsynsdirektør i NOKUT, Nina Waaler, gratulerer høgskulen med doktorgradsprogrammet.

– Innstillinga frå den sakkunnige komiteen talar for seg, og det var ingen tvil om kva vedtaket skulle landa på. I søknaden og under institusjonsbesøket har HiØ vist at høgskulen har eit fagmiljø med høg kompetanse på utdanning og forsking innan den faglege profilen til programmet, seier Waaler.

Fullmakt til å oppretta masterstudium i same fagfelt

Høgskolen i Østfold har fått akkreditering for ph.d.-programmet i digitalisering og samfunn. Programmet har fire bestanddelar, DigiWork, DigiTech, DigiEd og DigiHealth, og skal gå på dei to campusane  i Fredrikstad og i Halden.

Høgskolen i Østfold er ein akkreditert høgskule og har med det hatt fullmakter til å oppretta eigne studietilbod på bachelornivå. For å oppretta studietilbod på master- og doktorgradsnivå har høgskulen fram til no måtta søkja NOKUT om akkreditering.

Men med dagens vedtak og eit ph.d.-program på plass kan høgskulen no også oppretta studietilbod på masternivå innanfor det same fagfeltet, utan på førehand å måtta søkja NOKUT om godkjenning.

Rapport:

Ph.d. i digitalisering og samfunn (pdf)

 

Del med andre