Godkjent kvalitetsarbeid ved dei fire eldste universiteta i Noreg
Det systematiske kvalitetsarbeidet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), Universitetet i Bergen (UiB), Universitetet i Oslo (UiO) og UiT Noregs arktiske universitet (UiT) er no godkjent.
Tilsyna blei gjennomført hausten 2022, og vedtak blei fatta av NOKUTs styre 20. april 2023. Institusjonane har sjølve ansvar for kvaliteten i dei studietilboda dei tilbyr. Gjennom tilsyna kontrollerer NOKUT at dei tar vare på dette ansvaret på ein god måte.
– Universiteta kan sjølve akkreditere på eiga fullmakt, noko som stiller høge krav til intern kvalitetssikring av både nye og eksisterande studietilbod. Det er viktig med eit eksternt blikk på kvalitetsarbeidet deira med jamne mellomrom, og det er heimla i lov og forskrift. I Noreg går alle institusjonar igjennom ei slik oppfølging minimum kvart 8. år. Vi legg også vekt på utviklingsaspektet i slike prosessar og håper at tilsyna gir institusjonane kunnskap som dei kan bruke til å vidareutvikle kvalitetsarbeidet og kvaliteten i utdanningane dei tilbyr, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.
Store institusjonar med mange fakultet og senter
Alle dei fire universiteta har etablert system som på ein god måte sikrar tilstrekkeleg kontroll og utvikling av utdanningane. Kvalitetssystema omfattar all utdanning som blir tilbydd ved universiteta, men sidan studietilboda varierer i storleik og utforming, er det gitt rom for å tilpasse kvalitetsarbeidet til lokale forhold og til studietilboda sin eigenart.
– Alle universiteta gjennomførte større eller mindre endringar i kvalitetssystema sine i forkant av tilsyna. Det å vidareutvikle systema er eit viktig arbeid for å sikre at kvalitetsarbeidet tilfredsstiller formelle krav til systematisk kvalitetsarbeid, og for å sørgje for at systema er tilpassa særpreget til institusjonane, seier Vinje.
Arbeid med læringsmiljøet er innlemma i kvalitetssystema og i kvalitetsarbeidet, og det blir rapportert om arbeid med læringsmiljø på alle nivå i institusjonane. Alle universiteta har også ordningar for å kontrollere at studietilboda og fagmiljøa tilfredsstiller krava i lov og forskrifter, sjølv om nokre av universiteta har fått råd frå dei sakkunnige komitéane om å gjere desse prosessane tydeleg i kvalitetsarbeidet ved fakulteta.
– Universiteta har vist at dei arbeider på ein god og systematisk måte med å sikre og vidareutvikle kvaliteten i utdanningane, seier NOKUT-direktøren.
Små metodiske justeringar
Hovudformålet med tilsyna av det systematiske kvalitetsarbeidet ved institusjonane er å kontrollere at krava i lov og forskrifter er oppfylte, men NOKUT er også opptatt av kvalitetsutvikling i eigne prosessar og ser heile tida etter måtar som kan gjera at tilsyna våre opplevast som endå meir nyttig for kvalitetsarbeidet til institusjonane i framtida.
Eit uttalt mål har vore å opparbeide meir kunnskap om effekten av det systematiske arbeidet til institusjonane med å sikre og vidareutvikle utdanningskvaliteten og innhente eit kunnskapsgrunnlag for vidareutvikling av NOKUTs tilsyn etter 2024. NOKUT vil gjennomføre to erfaringsdelingsseminar med dei fire universiteta, det første allereie i juni 2023. Hovudtema vil vere erfaringsdeling dei imellom og mellom NOKUT og universiteta.
Last ned tilsynsrapportane:
- NTNU – tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet (pdf)
- Universitetet i Bergen – tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet (pdf)
- Universitetet i Oslo – tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet (pdf)
- UiT Noregs arktiske universitet – tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet (pdf)