Godkjenning av ukrainsk utdanning og kvalifikasjonar
NOKUT har mykje erfaring med å vurdere ukrainsk utdanning og kompetanse, men langt frå alle treng å få utdanninga si godkjent for å kunne jobbe.
Flyktningar frå Ukraina har fått mellombels kollektiv vern. Det gjer at busetting i kommunane kan skje langt raskare enn i ein normal individuell asylprosess. Det tyder også at dei kan ta seg jobb i Noreg med ein gong dei kjem hit.
NOKUTs godkjenningsordningar
Dei fleste yrke i Noreg er ikkje lovregulerte, noko som tyder at ein ikkje treng å oppfylle krav for å få lov til å nytte ein bestemt yrkestittel eller praktisere det konkrete yrket. Det tyder at ein heller ikkje treng å få utdanninga godkjent, men NOKUTs generelle godkjenningsordningar for høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning kan vere til hjelp når ein søkjer om jobb eller tilset nokon med utanlandsk utdanning eller kompetanse. NOKUT har godkjenningsordningar for utanlandske kvalifikasjonar på fleire nivå: fag- og yrkesopplæring, høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning.
Det finst likevel somme lovregulerte yrke, det vil seie yrke som krev autorisasjon eller yrkesgodkjenning for å kunne praktisere. Søknader om slik godkjenning blir behandla av 16 godkjenningsstyresmakter for yrkeskvalifikasjonar som er underlagt 11 departement.
NOKUT forvaltar godkjenningsordninga for yrkesutøving som lærar samt pedagogisk leiar eller styrar i barnehagen. Dette er regulerte yrke som krev godkjenning. Det gjeld berre ved fast tilsetting, noko som tyder at ein kan jobbe mellombels eller som lærarvikar utan godkjenning. Då står kvar enkelt kommune eller skule friare til å bestemma kva krav til kompetanse som blir sett.
Ukrainske utdanningar og kompetanse
Inntil vidare vil NOKUT halde fram med å behandle søknader om godkjenning av ukrainsk utdanning etter dagens rutinar. Vi vil også hjelpe universitets- og høgskulesektoren med utfordringar relatert til vurdering av ukrainsk utdanning for opptak til høgare utdanning.
NOKUT har mykje erfaring med og god kjennskap til utdanning frå Ukraina. Noreg og Ukraina er del av den same europeiske godkjenningsfamilien. Vi har også delteke i internasjonale prosjekt for å støtte utviklinga av det ukrainske systerkontoret vårt. Vi er derfor godt rusta til å vurdere godkjenningssøknader frå ukrainarar.
I NOKUTs landdatabase er det ei eiga side med informasjon om ukrainsk utdanning. På denne sida er utdanningssystemet i Ukraina skildra, og det står korleis ukrainsk utdanning blir vurdert og godkjent av NOKUT.
I utgangspunktet må ukrainske utdanningar ha ei stadfesting på at dokumenta er gyldige, ein apostille, når det blir søkt om godkjenning av høgare utdanning. Som ein følgje av krigen er ikkje apostille-databasen i Ukraina tilgjengeleg, og det er heller ikkje mogeleg for ukrainske søkjarar å søkje om apostille i Ukraina. NOKUT har derfor innført mellombels unnatak frå dette kravet når vi no vurderer ukrainske utdanningar.
Ukraina har fram til krigen hatt gode databasar for verifisering av utdanningsdokument for både høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. Databasen inneheld også akkrediteringsstatus for utdanningsprogram. Som følgje av krigsutbrotet har databasen periodevis vore utilgjengeleg, men er i skrivande stund oppe igjen. NOKUT har likevel tilgang til internasjonale databasar med tilsvarande informasjon, og har også bygd omfattande kompetanse på ukrainsk utdanning i løpet av åra.
Godkjenningsordningar for flyktningar
NOKUT har også god erfaring med å vurdere kompetansen til flyktningar som ikkje har med seg dokumentasjon på utdanninga si. NOKUTs UVD-ordning er ei godkjenningsordning for personar utan verifiserbar dokumentasjon, og er spesielt retta mot flyktningar og personar i ein flyktningeliknande situasjon. I motsetnad til NOKUT sin dokumentbaserte godkjenningsordning, blir det stilt i UVD-ordninga krav til opphaldsløyve og språkkunnskapar.
NOKUT har også ei sentral rolle i utviklinga og implementeringa av det Europeiske kvalifikasjonspasset for flyktningar. Dette er eit standardisert dokument som forklarer kvalifikasjonane ein flyktning sannsynlegvis vil ha basert på tilgjengeleg dokumentasjon, ei eigenregistrering og eit strukturert intervju. Føremålet er å gi eit betre utgangspunkt for å kome i arbeid eller vidare utdanning, forbetre språkkunnskapane eller søkje om autorisasjon for yrke der dette er nødvendig.
Ideen bak kvalifikasjonspasset oppstod under flyktningkrisa i 2015 då det var stort behov for å kartleggje kompetansen til dei mange flyktningane som kom til Noreg. Passet er meint å vere eit felles dokument for Europa for å unngå at flyktningar slepp å måtte få kvalifikasjonane sine kartlagt på nytt dersom dei flytter seg over landegrenser. Denne metoden kan brukast til å vurdere kompetansen og utdanninga til ukrainske flyktningar som kjem til Noreg. Forskjellen mellom situasjonen i 2015 og dagens krise er at vi den gongen hadde lite erfaring med godkjenning av syriske utdanningar, mens vi i dag har mykje erfaring med ukrainske utdanningar.
Sjølv om NOKUT og Noreg har vore pådrivarar for kvalifikasjonspasset, blir ikkje dette brukt i opptak til norsk høgare utdanning. Det må gjerast endringar i opptaksforskriftene for at det skal vere mogeleg
Automatisk godkjenning
NOKUT tilbyr automatisk godkjenning av enkelte utdanningar frå utvalde land. Det er ei standardisert fråsegn som viser kva den utanlandske utdanninga svarer til i Noreg. Det tyder at ein ikkje treng søkje om godkjenning eller laste opp dokument for vurdering. Det er ingen godkjenningsprosess eller saksbehandling knytt til identitet eller kvalifikasjonar. Vi jobbar no med å få ukrainske utdanningar inn i dette systemet, og det vil vere på plass innan kort tid. Dette vil gjere det langt enklare for ukrainarar som ønskjer å få utdanninga si godkjent.