Fem fagskular får utvida fullmakter
NOKUTs styre vedtok torsdag heile fem nye fagområdeakkrediteringar, til fem ulike fagskular. For tre av dei var det den første fagområdeakkrediteringa deira. Fullmakta gjer at dei raskt kan opprette nye og etterspurde utdanningar innan viktige fagområde.
På NOKUTs styremøtet 14. september fekk heile fem fagskular akkreditert eit nytt fagområde.
Ei gledas dag, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp).
– Tilbodet til fagskulane er tilpassa kompetansebehovet i arbeidslivet i dag, men behova endrar seg stadig. Derfor er eg oppteken av at me gir fagskulane handlingsrom til å omstilla seg i takt med utviklinga. Regjeringa har styrkt NOKUTs budsjett, og det ser me resultatet av her i dag. Fem nye fagskular har no fått viktige fullmakter, seier Borch.
Gjennom godt og systematisk arbeid har fagskulane bevist at dei oppfyller krava til utvida fullmakter. Med solide fagmiljø og gode rutinar er fagskulane godt rusta til å sikra og utvikla kvaliteten i utdanningane sine.
Dei fem fagskulane og fagområda er:
- Fagskolen Aldring og helse – Helse (pdf)
- Fagskolen i Vestfold og Telemark – Helse (pdf)
- Folkeuniversitetets fagskole – Helse (pdf)
- Fagskolen Rogaland – Økonomi og administrasjon (pdf)
- Fagskolen i Viken – Økonomi og administrasjon (pdf)
Tre av fagskulane – Fagskolen Aldring og helse, Fagskolen i Vestfold og Telemark og Folkeuniversitets fagskule – får sine første fagområde akkreditert. Totalt er det no ni fagskular som har akkreditering for helse eller for helse- og oppvekstfag, noko som er svært viktig for samfunnet framover, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.
– Samfunnet treng kvalifisert helsepersonell, og at me no har ni fagskular over heile landet med ei fagområdeakkreditering innan helsefag, gjer at me kan møta kompetansebehovet i framtida på ein fleksibel og effektiv måte, seier Vinje.
Jobbar for å få ned køane
Dei siste åra har talet på fagskuletilbod auka kraftig i Noreg. Det har ført til kø innan akkreditering av fagskuleutdanningar hos NOKUT.
I revidert statsbudsjett fekk NOKUT ei ekstraløyving for å få ned køane, og NOKUT-direktøren seier at pengane blir brukt både til å bøte på den akutte situasjonen og til å betre situasjonen på lang sikt.
– Vi gjer grep som skal hjelpa på den akutte situasjonen her og no, blant annet ved å gjere enkelte justeringar i prosessane våre og sjå på nokon digitaliseringstiltak. Fagskulesektoren vil fortsette å vekse raskt i tida framover, så me arbeidar med fleire langsiktige tiltak som kan gje dei modne fagskulane meir ansvar og rettar, både i form av fagområdeakkrediteringar og på sikt institusjonsakkrediteringar. Det vil gjere at færre fagskular må søke NOKUT for å opprette nye utdanningar i framtida, seier Vinje.
Det er no 12 av totalt 57 fagskular i Noreg som har akkreditering for eit eller fleire fagområde. DBH fagskulestatistikk viser at det sist haust til saman var 14 600 studentar ved desse 12 fagskulane. Totalt var det sist haust registrert 27 080 fagskulestudentar, slik at godt over halvparten av desse er no studentar ved ein fagskule som har akkreditering for eitt eller fleire fagområde.