Fagskolen Rogaland får godkjent fagområdeakkreditering innan helse- og oppvekstfag
Etter ei samla vurdering av søknaden og innstillinga frå dei sakkunnige har Fagskolen Rogaland no fått ei fagområdeakkreditering innan helse- og oppvekstfag.
– Vi veit at det er stor etterspurnad etter kompetanse innan helse- og oppvekstsektoren, og ei slik akkreditering for eit fagområde kan bidra til at fagskulen kan omstille seg raskare og møte nye behov i arbeidsmarknaden. Fagskolen Rogaland er godt rusta til å møte kompetansebehovet innan dette fagområdet og kan tilby gode og relevante utdanningar framover, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.
Innstillinga frå dei sakkunnige som har vurdert søknaden, viser at Fagskolen Rogaland har mange tilsette med høg og relevant kompetanse innan helse og oppvekst. Det kjem også fram av innstillinga at Fagskolen Rogaland har eit godt samarbeid med yrkesfeltet innan fagområdet, og at dette samarbeidet er viktig for fagskolen sitt arbeid med å utvikle utdanningar og gjennomføre dei planane fagskolen har for vidare utvikling av fagområdet.
Les tilsynsrapport med vedtak (pdf)
Frå før er det fire fagskular som har fagområdeakkreditering innan helse og oppvekst. Dette er AOF Haugaland, Studieforbundet AOF Norge, Fagskolen Kristiania og Medlearn. Fagskolen Viken og Fagskolen Innlandet har akkreditering for fagområdet helse.
Om Fagskolen Rogaland
Fagskolen i Rogaland har Rogaland fylkeskommune som eigar. Fagskulen tilbyr helse- og oppvekstfag, petroleumsutdanningar, tekniske utdanningar og økonomisk-administrative utdanningar i Stavanger og maritime offisers- og leiarutdanningar i Haugesund.
Per 1. oktober 2021 hadde Fagskolen Rogaland til saman 1 148 studentar, medrekna deltidsstudentar og studentar på korte utdanningar.