Ein høgskule får godkjent kvalitetsarbeid, og tre må rette opp manglar etter tilsyn
Styret i NOKUT har i dag fatta vedtak i tilsyna med det systematiske kvalitetsarbeidet ved fire høgskular med akkrediterte studietilbod.
Tilsyna viser at kvalitetsarbeidet ved Oslo Nye Høyskole er tilfredsstillande, mens Atlantis Medisinske Høgskole, Noroff University College og NSKI Høyskole har manglar i kvalitetsarbeidet sitt som dei må rette opp.
Les tilsynsrapportane:
- Oslo Nye Høyskole (pdf)
- Atlantis Medisinske Høgskole (pdf)
- Noroff University College (pdf)
- NSKI Høyskole (pdf)
– Det er utdanningsinstitusjonane som sjølve har ansvaret for kvaliteten i dei studiane dei tilbyr. Gjennom tilsyna kontrollerer NOKUT at institusjonane forvaltar dette ansvaret på ein tilfredsstillande måte. I tillegg skal institusjonane få råd om vidareutvikling av kvalitetsarbeidet, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.
Dei fire høgskulane har ikkje institusjonsakkreditering, det vi si eigne fullmakter til å akkreditere studietilbod. Det inneber at dei må søkje NOKUT for å kunne opprette nye utdanningar og om å gjere vesentlege endringar i eksisterande studietilbod.
Tilfredsstillande kvalitetsarbeid ved Oslo Nye Høyskole
Oslo Nye Høyskole (ONH), får gode tilbakemeldingar frå den sakkunnige komitéen som har gjennomført tilsynet:
"Komiteen ser at ONH har nedlagt et betydelig arbeid i utviklingen av kvalitetssystemet, og at systemet er godt forankret i institusjonen. Høyskolen har en bred involvering av relevante aktører og nivåer i organisasjonen, og systemet gir mange muligheter for innspill fra både stedlige studenter og nettstudenter."
NSKI Høyskole, Atlantis Medisinske Høgskole og Noroff University College må rette opp manglar
NSKI Høyskole har vesentlege manglar i det systematiske kvalitetsarbeidet, og i hovudsak kjem det av mangel på systematikk og dokumentasjon. Mangelen på dokumentasjon av kvalitetsarbeidet ved høgskulen har gjort at den sakkunnige komitéen ikkje har kunna konkludere med at fleire av enkeltkrava er oppfylte.
– NOKUT har no gitt NSKI Høyskole ein frist på tolv månader til å dokumentere at institusjonen har retta opp manglane. Totalt er det sju krav som høgskulen må rette opp og dokumentere, seier Vinje.
NSKI Høyskole tilbyr i dag fire bachelorutdanningar; i regi, i manus, i musikkteater og i skodespelarfag, og dessutan vidareutdanninga scenekunstner i egenskapte produksjoner på 60 studiepoeng.
Det systematiske kvalitetsarbeidet ved Atlantis Medisinske Høgskole og Noroff University College har enkelte manglar. For Atlantis Medisinske Høgskole gjeld det mellom anna at institusjonen ikkje har gode nok rutinar for å kontrollere at krava til fagmiljø er oppfylte, og at dei ikkje systematisk hentar inn og brukar informasjon frå relevante kjelder til å vurdere kvaliteten i alle studietilboda. Noroff University College dokumenterer ikkje i tilstrekkeleg grad arbeidet med læringsmiljøet ved høgskulen, og det er difor uvisst korleis arbeidet blir følgt opp i praksis. Det er heller ikkje tydeleg korleis høgskulen systematisk kontrollerer at alle studietilboda tilfredsstiller nødvendige forskriftskrav.
– Atlantis Medisinske Høgskole og Noroff University College har fått frist til 1. juli 2024 til å rette opp og dokumentere dei manglane NOKUT har peikt på, fortel Vinje.
Lovpålagt tilsyn
Norske universitet og høgskular er pålagde å ha eit tilfredsstillande system for kvalitetssikring av utdanninga. Det systematiske kvalitetsarbeidet skal sørgje for at institusjonane sikrar og vidareutviklar kvaliteten i utdanningane dei tilbyr.
Eit tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet til institusjonane er ei lovpålagd oppgåve for NOKUT, og alle universitet og høgskular skal igjennom eit slikt tilsyn kvart sjette til åttande år. NOKUT sitt arbeid med ekstern kvalitetssikring er forankra i European Standards and Guidelines for Quality Assurance in the Higher Education Area (ESG 2015).
Måla med det periodiske tilsynet er:
- å kontrollere at det systematiske kvalitetsarbeidet til institusjonane oppfyller gjeldande krav i lova og forskriftene
- å stimulere institusjonane til å vidareutvikle kvaliteten i utdanningane sine gjennom det systematiske kvalitetsarbeidet
- å bidra med råd, slik at institusjonane får innspel til vidareutvikling av det systematiske kvalitetsarbeidet