Dette er yrka flest har søkt om å få godkjent i Noreg
Ny NOKUT-rapport viser at ti yrke står for 80 prosent av dei nesten 58 000 søknadane som er behandla av norske godkjenningsstyresmakter sidan 2015.
Ei rekkje yrke i Noreg og Europa er lovregulerte. For å jobbe i eit lovregulert yrke, må du ha autorisasjon eller godkjenning frå ei offentleg styresmakt. Døme på regulerte yrke er sjukepleiar, lege, elektrikar og advokat. Innanfor EØS-området er tilgjenget til desse yrka regulert av EUs yrkeskvalifikasjonsdirektiv, som skal sikre at EØS-borgarar kan utøve yrket sitt uansett kvar dei er i EU/EØS-området.
Eit av krava i EUs yrkeskvalifikasjonsdirektiv er at alle landa som er omfatta av direktivet kvart år skal levere statistikk til Europakommisjonen om dei nasjonale prosessane sine for godkjenning av lovregulerte yrke. Målet er at kommisjonen skal kunne følgje med på mobiliteten i den europeiske arbeidsmarknaden, og ta omsyn til dette i vidareutviklinga av regelverket.
NOKUT har sidan 2016 hatt ansvar for å samle inn og levere den norske statistikken. Tala for 2015–2021 er no for første gong samanlikna i éin rapport, noko som gir høve til å samanlikne ulike yrke og studere utviklinga over tid.
Truckførar og helseyrke på søkjartoppen
– Rapporten viser at dei 17 norske godkjenningsstyresmaktene i perioden har behandla nesten 58 000 søknadar. Den viser også at 10 av dei 171 yrka som var lovregulerte i Noreg i 2021, fekk 80 prosent av søknadane, seier Helén Sophie Haugen, fungerande direktør for utanlandsk utdanning.
Yrket med flest søknadar var truckførar (9390 søknadar, ca. 16 prosent av totalen), følgt av sjukepleiar (9279 søknadar) og lege (8172 søknadar). Dei to sistnemnde bidrar saman med yrka helsefagarbeidar (2129 søknadar) og psykolog (1505 søknadar) til å gjere helseyrkene til den største gruppa av søknadar, med 37 prosent av den totale søknadsmengda.
– Vi har også sett nærare på kvar søkjarane kjem frå. Dei tre landa med flest søkjarar er Polen, Sverige og Danmark. Til saman står desse tre for nesten 60 prosent av alle søknadane, forklarer Haugen.
Heile rapporten kan lastest ned og lesast her, der det også er oversikt over kva land dei fleste søkjarane kjem frå, og kva godkjenningsstyresmakter som har behandla flest søknadar.
Frå 1. januar 2023 overtar HK-dir ansvaret for godkjenning av utanlandsk utdanning. Det kan du lese meir om her.