Dei fleste grunnskulelærarstudentar ønskjer å jobbe som lærar
NOKUT har gjennomført spørjeundersøkingar blant studentar, undervisarar, praksislærarar og kandidatar frå grunnskulelærarutdanningane. Vi publiserer no fire rapportar som gir viktig kunnskap om grunnskulelærarutdanningane.
I perioden 2022–2024 gjennomfører NOKUT ei omfattande evaluering av grunnskulelærarutdanningane. Sluttrapporten blir lansert hausten 2024.
Som ein del av evalueringa har NOKUT gjennomført fire spørjeundersøkingar med ulike målgrupper for evalueringa, fortel analysedirektør i NOKUT Ole-Jacob Skodvin.
– Dette gir viktig kunnskap til sluttrapporten frå evalueringa som kjem til hausten, men like viktig er kunnskapen som institusjonane no får. Den kan dei bruke til det interne arbeidet med utviklinga av grunnskulelærarutdanningane, seier Skodvin.
Formålet med evalueringa er å bringe fram kunnskap om kvaliteten i grunnskulelærarutdanningane og bidra til kvalitetsutvikling. NOKUT ønskjer å leggje til rette for læring, kartleggje utfordringar og gi råd om tiltak. I spørjeundersøkingane får studentar, undervisarar, praksislærarar og kandidatar spørsmål om tema som til dømes motivasjon, masteroppgåve, praksis og organiseringa til studiet.
Studentane meiner praksisen gav godt læringsutbyte
Blant funna ser vi at studentane og kandidatane er jamt over fornøgde med praksisperiodane sine og meiner praksisen gav godt læringsutbyte. Dei får praksis i relevante fag og på relevante trinn, og dei opplever praksisen som godt organisert og at dei får eit godt fagleg utbyte.
I fritekstfelta skriv mange respondentar, i alle dei fire aktørgruppene, at dei ønskjer lengre praksisperiodar.
Motivasjonen til studentane er òg ganske god. Sju av ti studentar seier nemleg at dei vil jobbe som lærar ved enda studie, og berre seks prosent svarer "nei" på det same spørsmålet.
Delte meiningar om masteroppgåva
Studentane er delte i synet på masteroppgåva. Eit betydeleg mindretal forstår ikkje kvifor dei skal skrive ei masteroppgåve og ser ikkje korleis masteroppgåva gjer dei betre skikka til å utøve læraryrket. Ein del seier at dei har fått eit godt utbytte, medan andre seier at dei har fått eit mindre godt utbytte av arbeidet med masteroppgåva.
Dei fleste av undervisarane meiner at arbeidet med masteroppgåva styrkjer den faglege kompetansen til studentane innanfor tematikken dei vel samt dei metodiske og analytiske evnene deira. Fleire poengterer at evnene studentane opparbeider seg, vil gjere dei i stand til å forske på eigen praksis og drive profesjonsutvikling. Men også her er det usemjer internt, og om lag ein fjerdedel av respondentane stilte seg kritiske til nytteverdien av ei masteroppgåve.
Det er ikkje berre institusjonane og NOKUT som bruker funna frå spørjeundersøkingane. Ny kunnskap kan òg brukast også inn i arbeidet til regjeringa fortel Skodvin.
– Evalueringa har bidrege med nokre førebelse funn til kunnskapsgrunnlaget som inngår i Kunnskapsdepartementets stortingsmelding om profesjonsutdanningane som blir lansert denne våren. I tillegg kan resultata brukast i arbeidet til departementet med nye rammeplanar, seier Skodvin.
Kort om evalueringa
NOKUTs evaluering av grunnskulelærarutdanningane inngår som ein del av NOKUTs samla fokus på lærarutdanning dei siste åra, med eksempelvis APT-prosjektet for grunnskulelærarutdanningane (GLU), kartlegginga av praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), og kartlegging og evaluering av lektorutdanningane. Prosjektet er ein del av NOKUTs arbeid med å evaluere, analysere og formidle informasjon om kvalitetstilstanden i norske studieprogram.
Les rapportane her:
- Evaluering av grunnskolelærerutdanningene: Spørreundersøkelse blant studenter (pdf)
- Evaluering av grunnskolelærerutdanningene: Spørreundersøkelse blant kandidater (pdf)
- Evaluering av grunnskolelærerutdanningene: Spørreundersøkelse blant undervisere på høyskoler og universiteter (pdf)
- Evaluering av grunnskolelærerutdanningene: Spørreundersøkelse blant praksislærere (pdf)
Meir informasjon om NOKUTs evalueringar av utdanningskvalitet