Behov for tydeleg retningsval for Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk
Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) har hatt få og små effektar på mobilitet og livslang læring, og har i stor grad blitt eit utdanningsrammeverk med regulerande effektar. Rammeverket er viktig for utdanningsinstitusjonanes arbeidet med å utvikle, administrere og gjennomføre utdanningar. Det har vore viktig for fagpersonar og studentar, men er lite nyttig for arbeidslivet og resten av samfunnet. Det kjem fram i ei evaluering NOKUT har gjort av NKR.
I januar 2021 fekk NOKUT i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å gjennomføre ei evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverket (NKR). Føremålet med evalueringa var å gje "eit heilskapleg bilete av korleis NKR i dag fungerer og gje eit grunnlag for vidareutvikling". Sluttrapporten frå evalueringa blei lagd fram onsdag 24. mai.
– Sluttrapporten frå evalueringa er no overlevert til Kunnskapsdepartementet. Dei har med det fått eit omfattande kunnskapsgrunnlag for vidareutviklinga av NKR. I rapporten skisserer vi tre ulike scenario for utviklinga av rammeverket, i tillegg til fem konkrete tilrådingar til departementet som skal gje klarare retning for kva NKR skal vere og byggje opp under meirverdien det kan ha for ulike avtakarar, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.
Eit utdanningsrammeverk
Ved innføringa av NKR blei det stilt høge forventningar, og rammeverket skulle innfri mange føremål. Mellom anna skulle det skildre dei faktiske skilnadene i læringsutbyte mellom dei ulike nivåa, leggje til rette for livslang læring, gjere kvalifikasjonane meir forståelege for yrkeslivet og samfunnet generelt, og sikre betre utnytting av kompetanse for både den enkelte og samfunnet.
I NOKUTs evaluering kjem det fram at NKR berre i avgrensa grad har bidratt til å innfri alle dei føremåla som blei uttrykt då det blei innført, men at det til gjengjeld har hatt store konsekvensar på område som ikkje var peika ut som eit mål eller funksjon ved NKR. Hovudeffektane rammeverket har hatt er inn mot regulering av utdanning, og som verktøy for utdanningsinstitusjonane og fagmiljøa for utvikling og administrasjon av utdanningane.
– NKR har vist seg å vere et inngripande tiltak, men manglar eit omforeint og avklart grunnlag. Det er i dag i hovudsak eit utdanningsrammeverk og eit rammeverk for styring og administrasjon, og i liten grad eit rammeverk for arbeidsliv, mobilitet eller livslang læring, seier Jon Furholt, seniorrådgjevar i NOKUT og prosjektleiar for evalueringa.
Tre scenario vil gje tydelegare retningsval
NOKUTs tilråding til Kunnskapsdepartementet er å klargjere kva NKR skal gjere, og tilpasse innretninga og tiltak for å sikre at NKR både oppnår dei måla departementet sett for NKR og unngår uheldige uintenderte effektar. I evalueringa blir det skissert tre ulike vegar for den vidare utviklinga av NKR.
– Evalueringa har avdekt behovet for å ta retningsval for kva NKR skal vere. Mangelen på tydelege val og innretning på NKR har ført med seg forskyvingar mellom mål og effektar, og evalueringa peker på at potensielle effektar i NKR sannsynleg forblir uutnytta, forklarer Furholt
Eit fyrste scenario for NKR er som eit rammeverk for utdanningskvalifikasjonar, utdanningskvalitet og administrasjon av utdanning.
– I eit slikt scenario skal NKR kunne bidra til gode verktøy for å utvikle, administrere og gjennomføre utdanningar. Dette scenarioet tar utgangspunkt i at utdanningssektoren for det meste har eit positivt forhold til NKR og at mange opplever at det bidrar til å styrkje utdanningskvaliteten ved institusjonane. Det krev samstundes at utdanningsinstitusjonane får større handlingsrom til å lage gode læringsutbyteskildringar, forklarer Furholt.
Det andre scenarioet legg vekt på innretningar i NKR som fyrst og fremst bidrar til å gjere det relevant for arbeidslivet, og at hovudfunksjonen til NKR er informasjon og kommunikasjon mellom utdanningssektoren og arbeidslivet blir styrkt. Sentralt i dette scenarioet er behovet i arbeidslivet, med vekt på å gjere det lettare å forstå dei ulike utdanningane.
Det siste scenarioet for NKR er som eit kvalifikasjonsrammeverk som rettar seg mot, og skal leggje til rette for, livslang læring. Dei to viktigaste drivarane i dette scenarioet er enkeltpersonar si tilgang til læringsarenaar og tilfanget av slike. Såleis vil NKR vere orientering mot vurdering av realkompetanse, og å innrette NKR slik at læringsløp også utanfor det formelle utdanningssystemet blir både lettare å forstå og meir tilgjengeleg.
Tilrådingar til Kunnskapsdepartementet
I evalueringsrapporten gjev NOKUT også fem konkrete tilrådingar til Kunnskapsdepartementet for vidareutviklinga av NKR. Departementet blir tilrådd å:
- gjennomføre ein fullstendig gjennomgang av formålsskildringane
- redusere den sentrale reguleringa som følgjer av NKR, og dessutan gjennomgå og avklare handlingsrommet for utdanningsinstitusjonane
- avvikle delnivåa i NKR og sikre at alle relevante utdanningskvalifikasjonarer er innplassert på det nivået dei høyrer heime. I dag er nivå 4, 5 og 6 delt opp i delnivå
- opne NKR for høgare utdanning på nivå 5 og høgare yrkesfagleg utdanning på nivåa over nivå 5, og greie ut ulike administrative modellar for korleis det kan gjennomførast. Dette er ei tilråding om nivået på læringsutbytet til desse utdanningane, og ikkje om institusjonell status eller posisjon i utdanningssystemet
- vurdere innplassering av utdanningsløp som ikkje er ein del av NKR i dag, og vurdere å opne NKR for ulike former for etterutdanningar og ikkje-formell opplæring
– Til saman skal tilrådingane bidra til betre samanheng mellom kva NKR er meint og forventa å gjere og dei faktiske effektane og funksjonane. Det er derfor viktig å sjå dei i samanheng med kvarandre, og i lys av kva retning ein ønskjer for NKR, seier Furholt.
Les rapportane:
- Evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring – hovedrapport (pdf)
- Evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR), delrapport 5 – Kandidatars kjennskap til og nytte av NKR (pdf)
- Evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR), delrapport 4 – Arbeidstakarars kjennskap til og nytte av NKR (pdf)
- Evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR), delrapport 3 – Kjennskap, bruk og nytte av NKR, EQF og læringsutbyteskildringar for norske arbeidsgjevarar (pdf)
- Evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR), delrapport 2 – Korleis opplever studentane læringsutbyteskildringar for utdanning? (14.02.2023)
- Evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR), delrapport 1 – Kva meiner institusjonane og fagmiljøa om Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring og læringsutbyteskildringar? (03.11.2022)