– Denne rapporten utgjer ei viktig kunnskapskjelde for evalueringa av NKR
Den første rapporten frå evalueringa av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) viser korleis utvalde fagmiljø og institusjonar sjølv opplever bruk, effekt og nytte.
Som ein del av kunnskapsgrunnlaget for evalueringa har NOKUT gjennomført ei større, kvalitativ undersøking retta mot utdanningsinstitusjonar innan høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning samt fagmiljø ved dei same institusjonane.
Dette har resultert i ei rekkje sjølvevalueringar frå eit utval institusjonar og fagmiljø om deira erfaringar og perspektiv på bruk, effektar og nytte av NKR, fortel analysedirektør i NOKUT Ole-Jacob Skodvin.
– I denne deskriptive rapporten samanstiller og presenterer NOKUT sjølvevalueringane som kom inn i denne undersøkinga. Rapporten som vi lanserer i dag, utgjer ei viktig kunnskapskjelde for evalueringa av NKR, seier Skodvin.
I januar 2020 fekk NOKUT i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å gjennomføre ei evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR). NOKUT skal levere endeleg evalueringsrapport i mai 2023.
Inngripande, men positivt
Eit stort fleirtal av utdanningsinstitusjonar og fagmiljø svarer at dei har eit overordna positivt syn på NKR, og at dei har jobba seg inn i dette over tid. Det er på same tid relativt gjennomgåande at både institusjonar og fagmiljø opplever at NKR griper klart inn i fleire prosessar og legg vesentlege føringar for verksemda, særleg når det gjeld utvikling og gjennomføring av utdanningane.
Trass ein positiv hovudtrend er det mange kritiske perspektiv på ulike sider av NKR, og særleg korleis det samverkar med andre styringsverktøy. Det er mange ulike og substansielle utfordringar med NKR, men som varierer i sektorane. Nokre få, men store institusjonar er gjennomgåande kritiske til NKR og effektane det har.
Fagskulane og nivå
Fagskulane har andre vurderingar enn dei høgare utdanningsinstitusjonane. Dei er gjennomgåande meir positive til NKR, men peiker på andre utfordringar. Det gjeld til dømes kontakten med arbeidslivet og mobilitet. Dei ser mindre utfordringar knytt til styring og autonomi enn dei høgare utdanningsinstitusjonane og er såleis meir positive til NKR som styringsverktøy.
Spørsmålet om nivåinnplasseringa av fagskuleutdanningar, og moglegheitene til å gje utdanning på høgare nivå, blir trekt fram av fagskulane. Dei konkrete utfordringane med utdanninganes nivå i NKR er avgrensa i omfang, men er til gjengjeld svært viktig for institusjonane og fagmiljøa det gjeld.* Både evne til å svare på arbeidslivets behov, samsvar med bransjekrav og overgangar mellom fagskular og høgare utdanning blir trekt fram av desse.
Utdanning, ikkje mobilitet
Eit markant trekk ved svara er at NKR har hatt stor og til dels inngripande effekt på regulering av utdanning og utdanningskvalitet, men varierande og til dels liten effekt på mobilitet og livslang læring. Slik institusjonane og fagmiljøa svarer, legg NKR rammer for og styrer utvikling og gjennomføring av utdanning og har hatt positiv effekt på internasjonal studentmobilitet innan høgare utdanning.
NKR har hatt vesentleg mindre effekt for internasjonal studentmobilitet for fagskulane, studentmobilitet mellom delar av utdanningssystemet og mobilitet mellom utdanning og arbeidsliv. På somme område svarer institusjonar og fagmiljø jamvel at NKR har hatt negativ effekt.
Saman med ein deskriptiv rapport om studentperspektivet, som er venta rundt årsskiftet 2022–2023, skal denne rapporten bidra til å gjere kunnskapsgrunnlaget for evalueringa tilgjengeleg.
Les rapporten:
* Avsnittet er endret fra: Spørsmålet om nivåinnplasseringa av fagskuleutdanningar, og moglegheitene til å gje utdanning på høgare nivå, blir trekt fram av eit lite mindretal av fagskulane. Utfordringane med utdanninganes nivå i NKR gjeld få av institusjonane, men er til gjengjeld svært viktig for desse.