Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring
Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring er eit rammeverk som skal bidra til læring heile livet og på alle livets arenaar. Det rettar seg mot mellom anna studentar, lærarar, arbeidsgivarar og storsamfunnet. Ved å setje utbytet av ulike former for læring i sentrum skal det auke kvaliteten og gjennomsiktigheita til alle læringsløpa vi møter livet gjennom.
Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) er eit verktøy som skal samle norske kvalifikasjonar i eitt felles rammeverk. Gjennom ein overordna standard for utbytet av ulike former for læring skal NKR kunne offisielt anerkjenne som kvalifikasjonar ulike læringsløp frå eit mangfald arenaar i samfunnet. På den måten skal NKR også vise kva nivå ulike kvalifikasjonar ligg på i forhold til kvarandre. Ved å vere basert på læringsutbytet av eit læringsløp skal NKR vende merksemda frå rammene rundt læringa til utbytet som den som lærer sit att med ved slutten av løpet.
Når ein kvalifikasjon har eit formulert læringsutbyte og har ei plassering i NKR, kan studentar, arbeidsliv og storsamfunnet lettare forstå kva dei kan forvente av eit læringsløp, kva nivå læringsutbytet av kvalifikasjonen ligg på og korleis kvalifikasjonen står i forhold til andre nasjonale og internasjonale kvalifikasjonar. På den måten skal NKR bidra til at personars kompetanse kan bli brukt på fleire av samfunnets område.
Bruken av læringsutbyte i NKR har òg ei rolle i arbeidet med å utarbeide læringsmål i skolen og i kvalitetssikring av høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning i Noreg. Såleis er NKR eit viktig ledd i rammene for utdanningssektoren.
NOKUT er nasjonalt kontaktpunkt for NKR og EQF.
Bakgrunn og historikk
Noreg innførte Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring i 2011 etter ein prosess som involverte fleire ekspertar frå utdanningssektoren og andre relevante aktørar. Innføringa av NKR i Noreg er ei vidareføring av to viktige europeiske prosessar innan utdanningsfeltet: EQF-prosessen og Bologna-prosessen. Sidan har det vore fleire utviklingar du kan lese meir om her:
-
Bologna-prosessen
Bologna-prosessen er ein prosess som blei sett i gang i 1999 på bakgrunn av den Europeiske kulturkonvensjonen med mål om å skape eit felles, europeisk område for høgare utdanning, European Higher Education Area (EHEA).
Tre av fleire viktige verktøy i denne prosessen er Lisboa-konvensjonen frå 1999, som forpliktar dei tilsluttande statane å anerkjenne utdanning frå andre underskriftsland, Standards and Guidelines for Quality Assurance in the European Higher Education Area (ESG), som set standardar for kvalitetssikring av utdanning, og Kvalifikasjonsrammeverket for høgare utdanning (QF-EHEA). NOKUT er ei offentleg myndigheit som har ansvar for både kvalitetssikring av høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning og for å godkjenne utanlandsk utdanning. Såleis har NOKUT fleire roller opp mot Bologna-prosessen. Du kan lese meir om desse på sidene våre.
I 2005 blei QF-EHEA etablert. Dette er eit overordna rammeverk for høgare utdanning som omtalar dei tre kvalifikasjonsnivåa, eller syklusane, i høgare utdanning. I Noreg førte innføringa av dette rammeverket til ei omstrukturering av gradane innan høgare utdanning, og vi nyttar i dag mellom anna nemningane bachelor, master og ph.d. på desse tre nivåa. Desse nivåa er utforma slik at dei er kompatible med dei tre øvste nivåa (6–8) i det europeiske kvalifikasjonsrammeverket.
-
European Qualifications Framework
I 2011 slutta Noreg seg til det europeiske initiativet i regi av EU-kommisjonen om å etablere eit felles metarammeverk for alle dei nasjonale kvalifikasjonsrammeverka i Europa. Gjennom dette initiativet etablerte landa European Qualifications Framework for lifelong learning (EQF).
Dette rammeverket skulle ha 8 nivå, der nivå 6–8 skulle vere fullstendig kompatibelt med QF-EHEA. Kvar enkelt tilsluttande stat etablerte samstundes sitt eige, nasjonale kvalifikasjonsrammeverk.
Målet med EQF er at dei ulike nasjonale kvalifikasjonsrammeverka skulle koplast saman ved at kvart enkelt land knyt eit nivå i rammeverket til eit nivå i EQF. På den måten skal det vere mogleg å samanlikne nivået på to kvalifikasjonar frå ulike europeiske land, via EQF.
-
Innføring og utvikling av kvalifikasjonsrammeverk i Noreg
Noreg utforma i 2011 eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk med 7 nivå, med grunnskole på nivå 2 og ph.d. som den høgste kvalifikasjonen på nivå 8. Det er ingen kvalifikasjonar på nivå 1 i det norske kvalifikasjonsrammeverket. Til kvart nivå blei det utforma eit sett med overordna nivåskildringar, ofte også kalla deskriptorar. Desse er generelle standardar for læringsutbyteskildringar på dei ulike nivåa, og legg rammer for korleis læringsutbyteskildringar for enkeltkvalifikasjonar skal vere utforma (les meir om læringsutbytskildringar). Deretter blei dei norske nivåa kopla til EQF-nivåa 2-8 gjennom ein formell tilvisingsrapport som blei godkjent på europeisk nivå. Dei tre nivåa for høgare utdanning frå kvalifikasjonsrammeverket for høgare utdanning blei passa inn i NKR og omgjort til nivåa 6, 7 og 8.
Føremålet med NKR var mellom anna å bidra til, og leggje til rette for, livslang læring og fleksible læringsvegar, og motverke blindvegar i det norske systemet. Bruken av nivå i NKR og skildringar av læringsutbytet frå alle kvalifikasjonar skulle bidra til auka gjennomsiktigheit i det norske systemet og auka mobilitet både mellom fag og sektorar, og mellom land.
Ved etableringa av NKR var det berre dei mest sentrale, formelle kvalifikasjonar frå utdanningssystemet som fekk innplassering i kvalifikasjonsrammeverket. Likevel er det eit uttalt mål at NKR skal kunne styrke anerkjenninga av uformell kompetanse inn mot det norske utdanningssystemet og læring som skjer i arbeids- og samfunnsliv.
I 2013 fekk eit offentleg ekspertutval leia av Jan Ellertsen i oppdrag å vurdere modellar for innplassering av kvalifikasjonar frå utanfor det formelle utdanningssystemet. Utvalet var svært delt i meiningane sine og delte seg i eit mindretal som meinte at det ikkje var behov for ytterlegare innplasseringar og eit fleirtal som kom med tilrådingar for ein slik modell.
NKR fekk ei eiga forskrift i desember 2018, som skal regulere bruken og ansvaret for kvalifikasjonsrammeverket på eit overordna nivå. NKR inngår også i regulering av dei ulike utdanningsnivåa gjennom mellom anna universitets- og høgskolelova og fagskolelova.
Korleis er kvalifikasjonsrammeverket bygd opp?
Det norske kvalifikasjonsrammeverket er eit overordna rammeverk som på same tid skal gje ein standard for korleis ein kan skildre læringsutbytet av ein kvalifikasjon og uttrykke kva nivå kvalifikasjonen ligg på. På den måten seier det både noko om nasjonale kvalifikasjonar og korleis dei står i forhold til kvarandre. Ved å ha utdanningskvalifikasjonar innplassert på ulike nivå er NKR med å setje minimumskrav til nivået på læringsutbytet desse utdanningane skal ha.
NKR har på denne måten i dag ei viktig rolle i arbeidet med kvalitetssikring i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. Gjennom The European Qualifications Framework (EQF) kan NKR også bidra til å samanlikne kvalifikasjonar på tvers av land og utdanningssystem. Slik bidrar NKR mellom anna til arbeidet med å godkjenne utanlandsk utdanning.
-
Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk og innplasserte kvalifikasjonar
-
Kva er ein kvalifikasjon?
Ein kvalifikasjon er noko ein person kan få ved å oppnå eit visst læringsutbyte. Det føreset at læringsutbytet er dokumentert og at kvalifikasjonen er anerkjent av myndigheitene. I forskrift om NKR og EQF definerer ein kvalifikasjon som "et dokumentert læringsutbytte på et gitt nivå. Læringsutbyttet er vurdert etter bestemte kriterier og formelt godkjent av en ansvarlig myndighet". I dag er det berre dei viktigaste kvalifikasjonane frå det formelle utdanningssystemet som er anerkjent som kvalifikasjonar. Du finn oversikt over desse her.
Kvalifikasjonar er definert ut ifrå læringsutbytet, altså det ein kandidat, student eller elev veit, kan og er i stand til å gjere som eit resultat av ein læringsprosess. Dette står i motsetnad til det vi kallar "innsatsfaktorar", altså det som går inn i læringsløpet (til dømes talet på år og timar, førelesingar, eksamenar, oppgåver, pensum, infrastruktur osv.). Dette betyr at utbytet av eit læringsløp skal kunne vurderast og godkjennast, uavhengig av innsatsfaktorane. Det er ved å sjå på utbytet og ikkje innsatsfaktorane at ein kan samanlikne kvalifikasjonar som har svært ulik struktur, oppbygning og plassering i eit system, til dømes frå ulike fag og skuletypar, eller frå ulike sektorar av samfunnet eller frå ulike land. Det betyr òg at to kvalifikasjonar kan ha læringsutbyte på same nivå av kompleksitet, sjølv om dei er svært ulike i omfang eller form. NKR skal vere i stand til å handtere alle typar dokumentert læringsutbyte så lengje dei er i tråd med strukturen i dei overordna nivåskildringane.
Regelverket for utdanningar i Noreg og regelverket knytt til NKR sikrar at kvalifikasjonar som har ein formell status i utdanningssystemet skal ha eit slikt dokumentert læringsutbyte. Dette regelverket stiller mellom anna minimumskrav til nivået på læringsutbytet til slike kvalifikasjonar. Til dømes vil regelverket som regulerer høgare utdanning i Noreg stille som krav at alle bachelorgradar har eit forventa læringsutbyte som minimum ligg på nivå 6 i NKR. På same måte gjev NKR ei felles ramme for korleis dette læringsutbytet skal utformast. NOKUT har eit ansvar for å sjå til at desse krava er oppfylt gjennom akkreditering og tilsyn av høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. I tillegg har høgare utdanningsinstitusjonar eit sjølvstendig ansvar for å følgje opp desse krava. På den måten stiller NKR krav til alle formelle kvalifikasjonar som gjer at dei er dokumenterbare, at dei kommuniserer utbytet av læringa og at dei er samanliknbare.
I arbeidet med kvalitet i utdanning forventar også NOKUT at institusjonane jobbar aktivt med læringsutbytet av studietilboda sine slik at læringsaktivitetane og rammene for utdanning er godt tilpassa læringsutbytet og slik at læringsutbytet er godt tilpassa det samfunnet har behov for. Det er difor NOKUT definerer læringsutbyte som eit eiget kvalitetsområde:
-
Nasjonale og regionale kvalifikasjonsrammeverk
Dei fleste landa i Europa, og fleire land utanfor, har nasjonale kvalifikasjonsrammeverk som regulerer ulike kvalifikasjonar. På den måten legg myndigheitene i desse landa føringar nedover for korleis dei enkelte nasjonale kvalifikasjonane skal kommunisere ut mot samfunnet. Samstundes er mange nasjonale kvalifikasjonsrammeverk òg kopla til regionale kvalifikasjonsrammeverk, slik at dei nasjonale kvalifikasjonsrammeverka kommuniserer oppover og til andre land.
Ei viktig side av kvalifikasjonsrammeverk er informasjonen og kommunikasjonen som ligg i skildringar av læringsutbyte og i nivået på kvalifikasjonar. Det kan ofte vere vanskeleg å samanlikne kvalifikasjonar på tvers av utdanningssystem eller sektorar, eller å forstå ein kvalifikasjon som kjem frå andre land. Regionale kvalifikasjonsrammeverk er meint til å gje ei felles ramme for ulike lands nasjonale kvalifikasjonsrammeverk og å fungere som eit verktøy for samanlikning. For Noreg er det det europeiske kvalifikasjonsrammeverket som fungerer regionalt. Det betyr at ingen kvalifikasjonar er direkte knytt til EQF, men at det berre er gjennom å ha eit offentleg kvalitetssikra læringsutbyte i eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk at kvalifikasjonar er vist til eit EQF-nivå.
Dei nasjonale kvalifikasjonsrammeverka er ofte ulikt utforma og har ulik struktur. Somme land har til dømes eit svært ope kvalifikasjonsrammeverk som inkluderer mange kvalifikasjonar utanfor det formelle utdanningssystemet. Andre har eit tett forhold mellom kvalifikasjonsrammeverket og utdanningssystemet. EQF gjev likevel rammer for å kunne samanlikne kvalifikasjonar frå ulike land.
-
Kvalifikasjonsrammeverkets struktur
NKR er strukturert langs to dimensjonar som strukturerer læringsutbyteskildringar i type og nivå. Den horisontale dimensjonen består av tre kategoriar av læringsutbytet. Når vi seier at ei læringsutbyteskildring skal seie kva ein kan forvente at ein person veit, kan og er i stand til å gjere etter ein læringsprosess så uttrykker vi dette via tre kategoriar i den horisontale dimensjonen: kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Det forventa læringsutbytet av ein læringsprosess kjem altså til uttrykk av læringsutbyteskildringar innanfor kunnskap, ferdigheiter eller generell kompetanse. Ein forstår normalt desse til å vere:
- Kunnskap: Kunnskap er forståing av teoriar, fakta, omgrep, prinsipp, prosedyrar innanfor fag, fagområde og/eller yrke.
- Ferdigheiter: Evne til å bruke kunnskap til å løyse problem og oppgåver. Det er ulike typar ferdigheiter: kognitive, praktiske, kreative og kommunikative.
- Generell kompetanse: Generell kompetanse er å kunne bruke kunnskap og ferdigheiter på sjølvstendig vis i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarlegheit, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Læringsutbyteskildringane er òg plassert langs ein vertikal dimensjon. Denne dimensjonen har 7 nivå (eller nivåa 2–8 i NKR) og uttrykker ein aukande grad av kompleksitet i læringsutbytet. Det betyr at di meir komplisert ei læringsutbyteskildring er, di høgare er nivået.
- Kunnskap: Kunnskap er forståing av teoriar, fakta, omgrep, prinsipp, prosedyrar innanfor fag, fagområde og/eller yrke.
-
Formålet med NKR
NKR har fleire formål som heng tett saman. Det er på same tid eit verktøy som skal styrke livslang læring i norsk kontekst og eit forvaltningsverktøy for nasjonale kvalifikasjonar. Dette inneber fleire ting:
Livslang læring
NKR skal bidra til livslang læring ved at det vender merksemda vekk frå innsatsfaktorar og mot utbytet av ulike former for læring. Det betyr at det skal bidra til å verdsetje læring uavhengig av skuletype, fag eller sektor, uavhengig av kor læringa skjer og når i livet det skjer. I dokumentet som skildrar NKR understrekast det at det skal "fremje verdsetjing av kvalifikasjonar gjennom heile livet (livslang) og på alle arenaer (livsvid)". Det skjer på fleire ulike måtar:
- Informasjon og mobilitet: Det å uttrykke resultatet av læringa gjennom læringsutbyteskildringar skal bidra til at det er lettare for arbeidslivet og samfunnet for øvrig å forstå kompetansen til ein person. Informasjon om læringsutbytet og informasjon om nivå skal gjere kvalifikasjonar betre forstått, og dermed bidra til auka mobilitet. Det gjeld både mobilitet mellom sektorar og fag i Noreg og internasjonal mobilitet mellom ulike utdanningssystem. Informasjonen kan vere nyttig for tilsettingar på ein arbeidsplass, ved opptak til utdanning eller ved formell godkjenning av utdanning.
- Informasjon og gjennomsiktigheit: På same måte som NKR skal informere samfunnet om kva kompetanse ein kan forvente av personar som har fullført eit læringsløp skal informasjon om læringsutbyte og nivå bidra til at studentar og elevar betre forstår kva kompetanse dei kan forvente å sitje att med når dei går inn i eit læringsløp. På den måten skal NKR bidra til at kvalifikasjonar blir meir gjennomsiktige og til at studentar og elevar betre kan planleggje utdanningsløpet sitt og enklare kan ta eigarskap til sitt eiget læringsutbyte.
- Fleksible læringsvegar: NKR skal gjere det lettare for personar å bevege seg mellom ulike læringsarenaar og læringsløp, samt motverke blindvegar i utdanningssystemet.
- Realkompetanse: NKR skal understøtte og styrke ordningar for realkompetansevurdering ved at det blir lettare å forstå kva forventa læringsutbyte ein skal samanlikne realkompetanse med.
- Ikkje-formell læring: NKR skal bidra til verdsetjing av læring som skjer utanfor det formelle utdanningssystemet, til dømes i arbeids- og organisasjonslivet.
Arbeid med utdanningskvalitet
I tillegg til å vere eit verktøy i arbeidet for livslang læring er NKR òg eit viktig forvaltningsverktøy i arbeidet med kvalitetssikring og kvalitetsutvikling innan utdanningssystemet. Dette skjer mellom anna ved at det er krav i lov og forskrift om at alle utdanningsløp skal ha formulert eit læringsutbyte med eit identifiserbart nivå.
For høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning tyder det for det fyrste at alle studietilbod skal ha overordna læringsutbyteskildringar som er i samsvar med NKR og det nivået kvalifikasjonane er plassert på. Det tyder at myndigheitene mellom anna krev at det forventa utbytet av ei utdanning skal vere forståeleg og i tråd med innhaldet i utdanning, og at myndigheitene set minimumskrav til kompleksitetsnivået til studietilbodet. Du finn meir informasjon om korleis ein skal forstå desse krava i NOKUTs rettleiingar for høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning.
For det andre krev myndigheitene gjennom lov og forskrift at utdanningsinstitusjonane skal ha eit pedagogisk opplegg og eit vurderingssystem som er egna til å dekke heile det forventa læringsutbytet til studietilbodet. Myndigheitene krev òg av institusjonane at dei har kvalitetssikringssystem som er i stand til å kartleggje, vurdere og justere det forventa læringsutbytet eller måten dei skal oppnå det på.
Kva er læringsutbyte og læringsutbyteskildringar?
Vi skil mellom læringsutbyte og læringsutbyteskildringar. Læringsutbyte viser til det faktiske utbyttet av utdanninga, anten det er eit resultat av det utdanningsinstitusjonen retter utdanninga mot, eller av det ein student gjer på andre måtar. Slik kan det faktiske læringsutbytet vere større, mindre og annleis enn det utdanningsinstitusjonen legg opp til. Det kan til dømes bli oppnådd gjennom studentens eigenarbeid, eller erfaringar og kunnskap som kjem frå andre arenaar enn ved utdanningsinstitusjonen.
Til dømes er læringsutbyteskildringar ein måte å kommunisere til studentar og moglege studentar kva dei skal kunne etter fullført utdanning. Læringsutbyteskildringar er òg meint å vere ein reiskap for faglærarar og sensorar for å vite kva studentane skal lære, kva de skal vurderast etter og korleis de skal vurderast.
Læringsutbyteskildringar er ein essensiell del av kvalifikasjonsrammeverk. Det finst mykje pedagogisk teori og læringsteori som omtalar arbeid med læringsutbyte og læringsutbyteskildringar. Særleg Benjamin Blooms taksonomi over læringsmål frå 1956 har hatt stor innflytelse på arbeidet med læringsutbyte. Læringsutbyteskildringar er ein måte å setje ord på eit læringsutbyte, og har fleire funksjonar i utdanningsinstitusjonanes arbeid. Sjølv om kvalifikasjonsrammeverk kviler på læringsutbyteskildringar og nivåskildringane, står arbeid med læringsutbyte også på eigne bein som eit eige pedagogisk verktøy – uavhengig av kvalifikasjonsrammeverket.
Læringsutbyteskildringar kan vere utforma på ulike måtar. Den etablerte ramma for læringsutbyteskildringar for formell utdanning i Noreg er at dei skal innehalde skildringar av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Læringsutbyteskildringane skal òg skildre nivået av kompleksitet på læringsutbytet. På den måten er læringsutbyteskildringar normalt så spesifikke at dei gjev eit godt bilete av det konkrete studieprogrammet eller det konkrete emnet, og samstundes så generelle at dei er forståelege for personar utan særskild kompetanse i fagfeltet.
Særleg sentralt for arbeid med læringsutbyte er ideen om at det finst mange ulike og jambyrdige former for læringsprosessar. Ved å nytte læringsutbyteskildringar vender ein merksemda vekk frå rammene rundt ein læringsprosess til utbytet av læring.
Du kan lese meir om to særskilde funksjonar læringsutbyteskildringar har her:
-
Kommunikasjon og informasjon
Det er eit viktig pedagogisk element at den som gjennomfører eit læringsløp forstår og har eit aktivt forhold til eigen læringsprosess. Som eit ledd i det skal læringsutbyteskildringar setje ord på kva læringsutbyte ein forventar eller forsøker å oppnå hos ein person etter eit fullført læringsløp. Slik vil det kommunisere til studentar og elevar kva dei kan forvente å sitje att med. Men på den måten kommuniserer det òg til storsamfunnet kva ein kan forvente at ein person som har fullført læringsløpet veit, kan og er i stand til å gjere.
Filosofien bak læringsutbyte og læringsutbytemetodikk kviler på eit syn på læring som ein aktiv prosess som utelukkar at den som lærer er passiv mottakar av informasjon. Det betyr ikkje berre at eleven eller studenten òg må jobbe aktivt og utføre oppgåver for å lære, men også at denne må ha eigarskap til prosessen. Med andre ord må eleven eller studenten også forstå og ta del i utforminga av læringsprosessen. Ved å formulere eit forventa læringsutbyte av ein kvalifikasjon og ved å forplikte seg til læringsaktivitetar som skal føre fram til dette utbytet blir eleven eller studenten invitert til ikkje berre å engasjere seg i aktivitetane, men òg til å ha eit kritisk og konstruktivt forhold til prosessen.
Læringsutbyteskildringar skal bidra til at læring blir meir gjennomsiktig og forståeleg. Det er med andre ord både ein kontrakt mellom ein institusjon og ein student eller elev som skal i gang med ein læringsprosess, og informasjon til arbeids- og samfunnsliv om kva ein kan forvente av ein kvalifikasjon.
-
Arbeid med læringskvalitet i utdanning
Læringsutbyteskildringar har ein viktig funksjon i den pedagogiske prosessen, altså for arbeidet med å utforme, utvikle og revidere ulike pedagogiske opplegg og undervisnings- og vurderingsformer. På den måten skal læringsutbyteskildringar inngå som eit verktøy for å jobbe med og å heve kvaliteten på læringa. Det skal kunne bidra til å auke medvitet rundt kva utbyte som er sentralt for faget og som samfunnet har behov for. Det skal òg bidra til å styrke det systematiske pedagogiske arbeidet:
Utbytet av eit læringsløp er på mange måtar i ei særstilling og viktig for kvaliteten på ei utdanning. (Les meir om NOKUTs kvalitetsområde for studieprogram og for høgare yrkesfagleg utdanning (pdf)) Det kan samtidig ofte vere vanskeleg å vite kva det faktiske læringsutbytet av eit løp er. Å utforme og utvikle læringsutbyteskildringar er å forsøke å setje ord på utbytet, og å jobbe systematisk med kva ein forventar å oppnå gjennom utdanningsopplegget. Ved å nytte læringsutbyteskildringar vender ein merksemda frå ting som pensum, arbeidstimar, eksamenar, osv. som det som skal utgjere utdanninga, til om og korleis det pedagogiske opplegget og vurderingsformene er eigna for å oppnå det ønska læringsutbytet.
Når ein har jobba med å setje ord på det forventa læringsutbytet er det ein viktig del av arbeidet med utdanningskvalitet å systematisk måle, samanlikne og vurdere forholdet mellom forventa læringsutbyte og det faktiske læringsutbytet studentar og elevar sit att med. Dersom ein på ulike måtar ser at studentane i liten grad oppnår det forventa læringsutbytet må den som utviklar og leiar studiet ta aktivt stilling til korleis ein skal jobbe vidare med læringsutbyteskildringane, det pedagogiske opplegget og måtane ein målar det på. Det kan til dømes vere at det forventa læringsutbytet er for omfattande, at læringsaktivitetane ikkje er egna for å nå læringsutbytet eller at studentane ikkje har føresetnadene for å oppnå det forventa læringsutbytet. Dette er ein del av det pedagogiske arbeidet, og at det som gjerne blir kalla constructive alignment.
Ei utdanning av høg kvalitet vil gjerne svare godt på det som er samfunnets behov for kompetanse, og klarer å balansere til dømes arbeidslivets behov med det som er forventa av faget og fagmiljøet. Læringsutbyte og læringsutbyteskildringar kan vere eit nyttig verktøy for å møte og kartleggje desse behova.
Nivåa i kvalifikasjonsrammeverket
Det norske kvalifikasjonsrammeverket har sju nivå (nivå 2–8). Kvart nivå i NKR har tilhøyrande standardar for læringsutbyteskildringar som vi kallar nivåskildringar eller deskriptorar og som bestemmer nivået på læringsutbyte. Ved opprettinga av NKR blei dei viktigaste kvalifikasjonane frå det formelle utdanningssystemet plassert direkte inn i kvalifikasjonsrammeverket. Her kan du lese meir om nivåinndelinga og nivåskildringane.
Nivåinndeling
Grunnskulen er i dag den lågaste kvalifikasjonen og er innplassert på nivå 2. Det høgaste kvalifikasjonsnivået er nivå 8, der ein i dag finn doktorgrad (ph.d. og dr.philos) og kunstnarisk utviklingsprogram. I Noreg er det ikkje innplassert kvalifikasjonar på nivå 1, og det eksisterer difor heller ikkje nivåskildringar på dette nivået.
-
Les meir om nivåinndelinga
Dei ulike nivåa i kvalifikasjonsrammeverket skal representere ein progresjon. Det betyr at nivåa skal vise ein aukande grad av kompleksitet i læringsutbytet, og at dei byggjer på kvarandre. Det betyr likevel ikkje at det er naudsynt å fullføre ein kvalifikasjon på eitt nivå for å kunne gå vidare til ein kvalifikasjon på neste nivå. Det betyr heller ikkje at ein har rett til opptak til ein kvalifikasjon på neste nivå etter eit fullført læringsløp. Sjølv om det til dømes finst krav om å ha fullført vidaregåande opplæring for å få opptak til ei fagskuleutdanning eller til høgare utdanning er det i prinsippet ingenting i kvalifikasjonsrammeverket som seier at ein ikkje kan gjennomføre læringsløp oppover, nedover og sidevegs for det ein har gjort tidlegare. Det finst mange typar kvalifikasjonar som er naudsynt for opptak, men dette er ikkje regulert gjennom NKR og nivå i NKR. Tvert om er det eit uttalt mål om at NKR skal gjere det lettare å bevege seg på kryss og tvers i utdanningssystemet.
Til kvart nivå er det eit set med overordna nivåskildringar som skal indikere korleis ein skal forstå læringsutbytet på eit gjeve nivå og gje standardar for korleis ein skal utforme læringsutbyteskildringar for kvar kvalifikasjon. Les meir om læringsutbyte her.
På alle nivåa i NKR er det innplassert kvalifikasjonar frå det formelle utdanningssystemet. Då NKR blei etablert utforma myndigheitene nivåskildringar som skulle vere i tråd med nivået på dei mest sentrale kvalifikasjonane i utdanningssystemet. Gjennom lov- og regelverk som regulerer utdanning i Noreg sikrar myndigheitene i dag at kvalifikasjonane har eit læringsutbyte som minimum ligg på det nivået det har i NKR. Det er likevel viktig å understreke at nivået er definert utifrå nivåskildringane, ikkje utifrå dei kvalifikasjonane som er innplassert på det aktuelle nivået. Nivåa i kvalifikasjonsrammeverket og dei tilhøyrande nivåskildringane ligg fast uavhengig av kva kvalifikasjonar som er innplassert. To ting er særeigne for NKR:
- Nivå 4 er delt i to sidestilte og jambyrdige sett med nivåskildringar. Desse er meint til å dekke inn to sentrale utdanningskvalifikasjonar som har svært ulik innretning: fullført fag- og yrkesopplæring på vidaregåande nivå (nivå 4A) og vidaregåande opplæring som fører til generell studiekompetanse (nivå 4B).
- På nivåa 5 og 6 har det norske utdanningssystemet tradisjonelt hatt kvalifikasjonar som ikkje tilfredsstiller breidda i det ein normalt krev på desse nivåa. Difor har desse nivåa delnivå (5.1 og 6.1) som er vurdert som delnivå av dei fulle nivåa (5.2 og 6.2).
Under finn du oversikt over nivåa i NKR og dei formelle utdanningskvalifikasjonane som er direkte innplassert.
Nivåskildringar
-
Nivå 2
Kunnskap
Kandidaten ...
- har grunnleggende kunnskap om sentrale fakta og begrep i og på tvers av fag
- har kunnskap om grunnleggende politiske, sosiale, kulturelle og miljømessige forhold
- har grunnleggende kunnskap om bruk av kilder, om hvordan informasjon innhentes, dokumenteres, vurderes og anvendes
- har grunnleggende kunnskap om det å lære å lære
- har kunnskap om ulike utdanningsvalg og yrker
Ferdigheter
Kandidaten ...
- kan utrykke seg muntlig og skriftlig, lese, regne og bruke digitale verktøy i faglige sammenhenger
- kan presentere emner på norsk/samisk og minst ett fremmedspråk
- kan bruke erfaringer, kreativitet og utforskende arbeidsmåter i tilegnelse av ny kunnskap
- kan bruke praktisk-estetiske arbeidsmåter på flere fagområder
- kan reflektere over egen deltakelse i ulike medier
Generell kompetanse
Kandidaten ...
- kan bruke kunnskaper og erfaringer for å delta i et demokratisk og inkluderende samfunn
- kan samarbeide med andre både faglig og sosialt
- kan drøfte og vurdere andres og egne faglige arbeider under veiledning
- kan foreta selvstendige valg, begrunne og handle ut fra dem
-
Nivå 3
Kunnskap
Kandidaten ...
- har kunnskap om sentrale fakta og begrep innen eget fag/fagfelt
- har kunnskap om arbeidsmåter, prosedyrer og verktøy innenfor ett eller flere avgrensede fag/fagfelt
- har kjennskap til relevant regelverk og krav til kvalitet
- har kunnskap om egne muligheter innen utdanning og arbeid
Ferdigheter
Kandidaten ...
- kan kommunisere og uttrykke seg muntlig og skriftlig innenfor eget fag/fagfelt
- kan anvende relevant teknologi for å løse fagspesifikke oppgaver
- kan motta og følge instruksjoner og kan utføre konkrete oppgaver innenfor fagfeltet
- kan vise kreativitet i utførelse av oppgaver
- kan søke og bruke informasjon fra ulike kilder i egen utvikling for videre arbeid og/eller utdanning
Generell kompetanse
Kandidaten ...
- kan samarbeide med andre i utførelse av faglig arbeid og anvende relevante ferdigheter og kunnskaper
- kan ta initiativ til, og gjennomføre avgrensede arbeidsoppgaver
- kan søke og ta imot veiledning i forhold til konkrete arbeidsoppgaver og egen faglig utvikling
-
Nivå 4A
Kunnskap
Kandidaten ...
- har kunnskap om relevante begreper, modeller, og prinsipper innenfor fagområdet
- har kunnskap om, og oversikt over materialer, utstyr og arbeidsmetoder og kan begrunne valgene
- har erfaringsbasert kunnskap som kreves for å praktisere innen fagområdet
- har innsikt i fagets/yrkets betydning og historiske utvikling i et samfunnsperspektiv
- har kunnskap om relevant regelverk, standarder, avtaler og krav til kvalitet
- har kunnskap om ulike læringsstrategier og kan anvende dem i egen læring
- har forståelse for egne muligheter innen utdanning og arbeid
Ferdigheter
Kandidaten ...
- kan systematisere, presentere og rapportere om planlagt og utført arbeid
- kan foreta faglige beregninger og vurdere konsekvenser
- kan løse faglige utfordringer på en kritisk og kreativ måte, alene og i samspill med andre
- kan bruke relevante begreper, prinsipper, materialer og utstyr i arbeidet
- kan kommunisere på minst ett fremmedspråk
- kan vurdere og velge arbeidsmetoder for å løse fagspesifikke oppgaver
- kan vise kreativitet i planlegging og utførelse av arbeidet
- kan utføre arbeidet i tråd med gjeldende regelverk, standarder, avtaler og krav til kvalitet
- kan analysere og vurdere ulike typer kilder med relevans for eget arbeid
Generell kompetanse
Kandidaten ...
- kan anvende egen fagkompetanse i nye og sammensatte kontekster
- kan arbeide selvstendig og ta ansvar for at arbeidet utføres faglig forsvarlig i henhold til lov- og regelverk og etablert yrkesetikk
- kan samarbeide og kommunisere medkolleger, kunder og/eller brukere i utførelse av arbeid
- kan veilede andre i arbeidet
- kan dokumentere og vurdere eget og andres arbeid i forbindelse med planlegging, organisering, utførelse og resultat
- kan reflektere over egen faglig kompetanse som grunnlag for videre valg
- kan ta initiativ til arbeidsoppgaver og aktiviteter som fremmer egen læring og utvikling
-
Nivå 4B
Kunnskap
Kandidaten ...
- har kunnskap om sentrale fakta, begreper, teorier, prinsipper og metoder innen ulike fag
- har erfaringsbasert kunnskap som kreves for å praktisere innen ulike fag
- har innsikt i sammenhenger mellom faglige problemstillinger og forhold i samfunnet
- har kunnskap om ulike læringsstrategier og kan anvende dem i egen læring
- har forståelse for egne muligheter innen utdanning og arbeid
Ferdigheter
Kandidaten ...
- kan uttrykke seg muntlig og skriftlig i varierte faglige
- sammenhenger
- kan lese, regne og bruke digitale verktøy og medier til å løse faglige utfordringer på en kritisk og kreativ måte, alene og i samspill med andre
- kan anvende faglig terminologi i kommunikasjon og samarbeid kan kommunisere på minst to fremmedspråk
- kan anvende relevante metoder, prinsipper og strategier for å løse fagspesifikke oppgaver
- kan utforske, analysere, utforme og drøfte ulike problemstillinger
- kan analysere og vurdere ulike typer kilder
Generell kompetanse
Kandidaten ...
- kan anvende egen fagkompetanse i nye og sammensatte kontekster
- kan planlegge og organisere arbeid selvstendig og i samarbeid med andre
- kan bruke faglige kunnskaper og ferdigheter i felles kunnskapsbygging med andre
- kan veilede andre i avgrensede faglige situasjoner
- kan vurdere kvaliteten av og ta ansvar for resultatene av eget og felles arbeid
- kan reflektere over egen faglig kompetanse som grunnlag for videre valg
-
Nivå 5.1
Kunnskap
Kandidaten ...
- har kunnskap om begreper, prosesser og verktøy som anvendes innenfor et spesialisert fagområde
- har innsikt i relevant regelverk, standarder, avtaler og krav til kvalitet
- har bransjekunnskap og kjennskap til yrkesfeltet
- kan oppdatere sin yrkesfaglige kunnskap
- forstår egen bransjes/yrkes betydning i et samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheter
Kandidaten ...
- kan anvende faglig kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillinger
- kan anvende relevante faglige verktøy, materialer, teknikker og uttrykksformer
- kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for en yrkesfaglig problemstilling
- kan kartlegge en situasjon og identifisere faglige problemstillinger og behov for iverksetting av tiltak
Generell kompetanse
Kandidaten ...
- har forståelse for yrkes- og bransjeetiske prinsipper
- har utviklet en etisk grunnholdning i utøvelsen av yrket
- kan utføre arbeidet etter utvalgte målgruppers behov
- kan bygge relasjoner med fagfeller og på tvers av fag, samt med eksterne målgrupper
- kan utvikle arbeidsmetoder, produkter og/eller tjenester av relevans for yrkesutøvelsen
-
Nivå 5.2
Kunnskap
Kandidaten ...
- har kunnskap om begreper, teorier, modeller, prosesser og verktøy som anvendes innenfor et spesialisert fagområde
- kan vurdere eget arbeid i forhold til gjeldende normer og krav
- kjenner til bransjens/yrkets historie, tradisjoner, egenart og plass i samfunnet
- har innsikt i egne utviklingsmuligheter
Ferdigheter
Kandidaten ...
- kan gjøre rede for sine faglige valg
- kan reflektere over egen faglig utøvelse og justere denne under veiledning
- kan finne og henvise til informasjon og fagstoff og vurdere relevansen for en yrkesfaglig problemstilling
Generell kompetanse
Kandidaten ...
- kan planlegge og gjennomføre yrkesrettede arbeidsoppgaver og prosjekter alene og som deltaker i gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan utveksle synspunkter med andre med bakgrunn innenfor bransjen/ yrket og delta i diskusjoner om utvikling av god praksis
- kan bidra til organisasjonsutvikling
-
Nivå 6.1
En kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten ...
- har kunnskap om sentrale temaer, teorier, problemstillinger, prosesser, verktøy og metoder innenfor fagområdet
- kjenner til forsknings- og utviklingsarbeid innenfor fagområdet
- kan oppdatere sin kunnskap innenfor fagområdet
- kjenner til fagområdets historie, tradisjoner, egenart og plass i samfunnet
Ferdigheter
Kandidaten ...
- kan anvende faglig kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillinger og gjøre rede for sine valg
- kan reflektere over egen faglig utøvelse og justere denne under veiledning
- kan finne, vurdere og henvise til informasjon og fagstoff og knytte dette til en problemstilling
- kan anvende relevante faglige verktøy, teknikker og uttrykksformer
Generell kompetanse
Kandidaten ...
- har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillinger
- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgaver og prosjekter alene og som deltaker i gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan presentere sentralt fagstoff som teorier, problemstillinger og løsninger både skriftlig, muntlig og gjennom andre relevante uttrykksformer
- kan utveksle synspunkter med andre med bakgrunn innenfor fagområdet og delta i diskusjoner om utvikling av god praksis
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosesser
-
Nivå 6.2
En kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten ...
- har bred kunnskap om sentrale temaer, teorier, problemstillinger, prosesser, verktøy og metoder innenfor fagområdet
- kjenner til forsknings- og utviklingsarbeid innenfor fagområdet
- kan oppdatere sin kunnskap innenfor fagområdet
- har kunnskap om fagområdets historie, tradisjoner, egenart og plass i samfunnet
Ferdigheter
Kandidaten ...
- kan anvende faglig kunnskap og relevante resultater fra forsknings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillinger og treffe begrunnede valg
- kan reflektere over egen faglig utøvelse og justere denne under veiledning
- kan finne, vurdere og henvise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser en problemstilling
- kan beherske relevante faglige verktøy, teknikker og uttrykksformer
Generell kompetanse
Kandidaten ...
- har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillinger
- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgaver og prosjekter som strekker seg over tid, alene og som deltaker i en gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan formidle sentralt fagstoff som teorier, problemstillinger og løsninger både skriftlig, muntlig og gjennom andre relevante uttrykksformer kan utveksle synspunkter og erfaringer med andre med bakgrunn innenfor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosesser
-
Nivå 7
En kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten ...
- har avansert kunnskap innenfor fagområdet og spesialisert innsikt i et avgrenset område
- har inngående kunnskap om fagområdets vitenskapelige eller kunstfaglige teori og metoder
- kan anvende kunnskap på nye områder innenfor fagområdet
- kan analysere faglige problemstillinger med utgangspunkt i fagområdets historie, tradisjoner, egenart og plass i samfunnet
Ferdigheter
Kandidaten ...
- kan analysere og forholde seg kritisk til ulike informasjonskilder og anvende disse til å strukturere og formulere faglige resonnementer
- kan analysere eksisterende teorier, metoder og fortolkninger innenfor fagområdet og arbeide selvstendig med praktisk og teoretisk problemløsning
- kan bruke relevante metoder for forskning og faglig og/eller kunstnerisk utviklingsarbeid på en selvstendig måte
- kan gjennomføre et selvstendig, avgrenset forsknings- eller utviklingsprosjekt under veiledning og i tråd med gjeldende forskningsetiske normer
Generell kompetanse
Kandidaten ...
- kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskningsetiske problemstillinger
- kan anvende sine kunnskaper og ferdigheter på nye områder for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgaver og prosjekter
- kan formidle omfattende selvstendig arbeid og behersker fagområdets uttrykksformer
- kan kommunisere om faglige problemstillinger, analyser og konklusjoner innenfor fagområdet, både med spesialister og til allmennheten
- kan bidra til nytenking og i innovasjonsprosesser
-
Nivå 8
En kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten ...
- er i kunnskapsfronten innenfor sitt fagområde og behersker fagområdets vitenskapsteori og/eller kunstneriske problemstillinger og metoder
- kan vurdere hensiktsmes-sigheten og anvendelsen av ulike metoder og prosesser i forskning og faglige og/eller kunstneriske utviklingsprosjekter
- kan bidra til utvikling av ny kunnskap, nye teorier, metoder, fortolkninger og dokumentasjonsformer innenfor fagområdet
Ferdigheter
Kandidaten ...
- kan formulere problemstillinger for, planlegge og gjennomføre forskning og faglig og/eller kunstnerisk utviklingsarbeid
- kan drive forskning og faglig og/eller kunstnerisk utviklingsarbeid på høyt internasjonalt nivå
- kan håndtere komplekse faglige spørsmål og utfordre etablert kunnskap og praksis på fagområdet
Generell kompetanse
Kandidaten ...
- kan identifisere nye relevante etiske problemstillinger og utøve sin forskning med faglig integritet
- kan styre komplekse tverr-faglige arbeidsoppgaver og prosjekter
- kan formidle forsknings- og utviklingsarbeid gjennom anerkjente nasjonale og internasjonale kanaler
- kan delta i debatter innenfor fagområdet i internasjonale fora
- kan vurdere behovet for, ta initiativet til og drive innovasjon
Evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring
NOKUT har evaluert Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring.
-
Bakgrunn og oppdrag
I 2021 er det 10 år sidan innføringa av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR). Med dette etablerte Noreg ein fullstendig nivåstruktur som gjorde slik at alle utdanningskvalifikasjonar har eit nivå. Samstundes blei det innført læringsutbyteskildringar for alle utdanningar, på alle nivå.
Allereie frå starten var det klart at NKR skulle bli evaluert når det hadde fått verke ein stund. Ein større gjennomgang av NKR har vore varsla fleire gongar, og seinast ved innføringa av ny fagskulelov i 2018.
I 2020 bestemte Kunnskapsdepartementet seg for å setje i gang gjennomgangen, og for at denne skulle vere kome i to ledd. Det fyrste skulle vere ein ekstern moglegheitsstudie av innplassering av fagskuleutdanningar over nivå 5, eller parallelle nivåskildringar på nivåa 6–8. Utreiinga blei gjennomført av selskapet Technopolis, som avleverte rapporten om parallelle nivåskildringar i NKR i oktober 2020.
I januar 2021 fekk NOKUT som andre del av gjennomgangen i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å gjennomføre ei evaluering av NKR. Denne skal gje "et helhetlig bilde av hvordan NKR i dag fungerer og gi et grunnlag for videreutvikling". Arbeidet har fått ei ramme på to år og skal sjå nærmare på kva funksjonar og effektar NKR har i dag, kva grad det er i tråd med føremåla og kome med tilrådingar om vidare utvikling. Den skal også ta inn vurderingane frå utreiinga av parallelle nivåskildringar.
-
Evalueringsspørsmål og arbeidsområde
Arbeidet med evalueringa er i gang, og er organisert etter nokre overordna spørsmål og arbeidsområde. Evalueringa er tematisk delt inn i to område som er knytt til to ulike og overordna verkeområde for NKR:
- Utdanningskvalitet og regulering av utdanning
- Mobilitet og livslang læring
Desse to områda er på ulike måtar og i ulik grad formulert som eksplisitte mål for NKR, og brukt i regelverka for utdanningssektoren. Evalueringa går inn i desse to områda for forsøkjer å svare på to overordna evalueringsspørsmål:
- Kva er dagens situasjon innanfor det relevante området?
- I kva grad oppfyller NKR det som er føremålet, kva er eventuelle hindringar og moglege tiltak for kompensere for desse?
På grunnlag av det går NOKUT breitt ut for å samle informasjon. Denne skal gje eit godt kunnskapsgrunnlag for evalueringa, og vidareutviklinga av NKR i framtida.
-
Interessentar
NKR er eit krevjande evalueringsområde fordi det har svært mange, og svært ulike, interessentar og brukarar. NKR er meint til å vere relevant, ikkje berre for utdanningssektoren, men også for storsamfunnet, arbeidslivet og for den enkelte. Det gjer at evalueringsarbeidet må samle inn kunnskap gjennom fleire ulike evalueringsaktivitetar og -metodar, retta mot fleire grupper. Evaluering har særleg sett til følgjande grupper:
- Studentar
- Utdanningsinstitusjonar innan høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning
- Fagmiljø med ansvar for undervisning
- Ferdig uteksaminerte kandidatar og arbeidstakarar
- Arbeidsgjevarar
- Organisasjonar (t.d. studentorganisasjonar, arbeidslivsorganisasjonar, samanslutningar innan utdanning)
-
Kva skjer framover?
Utover prosjektperioden vil NOKUT gjennomføre ulike innsamlingsaktivitetar for å setje saman eit kunnskapsgrunnlag. Vi vil på ulike måtar kome i kontakt med dei ulike målgruppene, og skaffe direkte eller indirekte data på for desse gruppene og NKR. NOKUT vil deretter gå over til å analysere det innsamla datagrunnlaget, og gjennomføre enkelte djupdykk der det er naudsynt.
Evalueringa er planlagt ferdigstilt 2. kvartal 2023.
-
Rapportar
- Kvalifikasjonar på ramme alvor – Evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (24.05.2023)
- Evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR), delrapport 5 – Kandidatars kjennskap til og nytte av NKR (24.05.2023)
- Evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR), delrapport 4 – Arbeidstakarars kjennskap til og nytte av NKR (24.05.2023)
- Evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR), delrapport 3 – Kjennskap, bruk og nytte av NKR, EQF og læringsutbyteskildringar for norske arbeidsgjevarar (24.05.2023)
- Evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR), delrapport 2 – Korleis opplever studentane læringsutbyteskildringar for utdanning? (14.02.2023)
- Evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR), delrapport 1 – Kva meiner institusjonane og fagmiljøa om Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring og læringsutbyteskildringar? (03.11.2022)
Lenkjer til andre ressursar
- Styrelsen for Videregående Uddannelser (NCP Danmark)
- Myndigheten för yrkeshögskolan (NCP Sverige)
- The Finnish National Board of Education (NCP Finland)
- Cedefop – European Centre for the Development of Vocational Training
- The European Qualifications Framework (EQF)
- Qualifications Frameworks in the EHEA
Dokument
- Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) – bokmål (pdf)
- Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) – nynorsk (pdf)
- Dássegovvádusat – Olles eallima oahppama nationála gealborámmat (NGR) – Davvisámegiella (pdf)
- The Norwegian Qualifications Framework for Lifelong Learning (NQF) – English (pdf)
- Rapport om "Innplassering av kvalifikasjoner fra ikke-formell opplæring i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk" (Ellertsen-utvalget)
- Utredning om mulig parallell struktur i nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (Technopolis) (pdf)
Her kan du sjå ein introduksjon til NKR: