Høgare utdanning
På denne sida finn du ei oversikt over tenester, informasjon og ressursar innanfor høgare utdanning.
Innhald på sida
Dei siste åra har NOKUT fått fleire søknadar om akkreditering enn vi har kapasitet til å behandle innan normal saksbehandlingstid. Vi må prioritere aktivitetane våre innanfor dei økonomiske rammene vi har til rådvelde, og no er vi inne i ein periode der søkjarar dessverre må belage seg på lengre tid enn ønskjeleg før NOKUT kan starte søknadsbehandlinga.
Vi vil ta kontakt med søkjarar så fort vi veit når søknadsbehandlinga av søknaden deira vil starte. Dersom du har søkt eller vurderer å søkje om akkreditering av studietilbod og har spørsmål til NOKUT, kan du sende ein e-post til uh-studier@nokut.no.