Akkreditering – høgare utdanning
Institusjonane som tilbyr høgare utdanning har ulike fullmakter til å opprette nye studium. Felles for dei alle er at alle studium må tilfredsstille krava i studietilsynsforskriften.
- Universiteta kan sjølve opprette nye studium på alle nivå.
- Vitskaplege høgskular og akkrediterte høgskular har sjølvakkrediteringsrett på bachelorgradnivå for alle fagområde. For fagområda der institusjonane har rett til å skrive ut doktorgrad har dei sjølvakkrediteringsrett for studietilbod på både lågare og høgare gradnivå. For fagområde utanom doktorgradområda må akkrediterte høgskular og vitskaplege høgskular søkje NOKUT om akkreditering av nye mastergrad- og ph.d-studium.
- Ikkje-akkrediterte høgskular må søkje NOKUT om akkreditering av alle studietilbod.
Institusjonar kan få utvida fullmakter gjennom å søkje NOKUT om akkreditering av ny institusjonskategori.
Viss du ynsker å logge direkte inn i portalen for å registrere søknad om akkreditering av studietilbod, kan du gjere det her:
Viss du ynsker meir informasjon om søknadsprosessen for akkreditering av studietilbod eller endring av institusjonskategori, finn du dette lengst nede på denne sida.
Dokument som NOKUT tek imot er som hovudregel offentlege
Vi gjer merksam på at alle dokument som NOKUT tek imot som hovudregel er offentlege, jf. offentleglova § 3.
Det er viktig at institusjonar som sender inn dokumentasjon til NOKUT syrgjer for at det ikkje finst opplysningar som er underlagde teieplikt eller sensitive personopplysningar. Dersom dokumentasjonen likevel innheld opplysningar som institusjonane meiner må gjerast unntak for, må dette informerast om ved innsending og grunngivast med å vise til eit rettsleg grunnlag for dette. NOKUT vil gjere ei vurdering av grunngivinga i kvart enkelt tilfelle.
Rettleing
For å finne rettleiinga som er retta mot dykk, vel type akkreditering og følg rettleiinga: