Sakkunnige – fagområde
Før søknader om akkreditering av fagområde går til sakkunnig vurdering, gjer NOKUT ei administrativ vurdering av om fagskolen oppfyller vilkåra for å få behandle søknaden (fagskoleforskriften § 48 første avsnitt) og av rutina for etablering av nye utdanningstilbod og endringar i dei eksisterande. Vi ser også på om søknaden er egna for sakkunnig behandling.
Den sakkunnige komiteen
Den sakkunnige komiteen gjer ei fagleg vurdering av søknaden.
Institusjonsgjestinga er ein sentral del av metoden til dei sakkunnige. På institusjonsgjestinga intervjuar komiteen personar og grupper etter eit program som er sett opp på førehand.
Søkjar får høve til å foreslå sakkunnige og til å uttale seg om forslag til komité. Ingen sakkunnig kan ha, eller ha hatt, oppgåver for, eller anna tilknyting til, søkjar som fører til inhabilitet.
Dei sakkunnige skriv den faglege vurderinga si av fagområde i ei innstilling rapport. I innstillinga konkluderer dei sakkunnige med om krava er tilfredsstillande oppfylte og om komiteen tilrår akkreditering eller ikkje.
Krav til dei sakkunnig sine kvalifikasjonar
Sakkunnige komitear som skal vurdere søknader om akkreditering av fagområde, skal ha følgjande kvalifikasjonar, jf. fagskoletilsynsforskriften:
- Praksis frå relevant yrkesfelt, og oppdatert kunnskap om utviklingstrendar innan yrkesfeltet.
- Formell utdanning minst på nivå med toårig fagskuleutdanning innan relevant fagområde innan tilsvarande eller liknande fagområde.
- Formell pedagogisk utdanning og relevant undervisningspraksis.
- Erfaring frå leiing av utdanningsinstitusjon innan tertiærutdanning.
- Kjennskap til både vidaregåande opplæring, fagskuleutdanning og høgre utdanning.
- Erfaring frå fagskolestyre eller andre sentrale studenttillitsverv.
Registrering som sakkunnig
Vi har nå gått over til manuell rutine for oppnevning av sakkyndige.