Å drive fagskule krev kompetanse utover å gje undervising.
For å kunne drive fagskulen på ein lovleg måte, må de kjenne, forstå og følgje regelverket for fagskuleutdanning og reglane i mellom anna forvaltningsloven. De må ha ein administrasjon som kan ta hand om førespurnader frå studentar og tilsette. De skal kunne fatte enkeltvedtak og handsame klager. De skal jobbe systematisk med kvaliteten i utdanninga de tilbyr, og samarbeide med aktørar i arbeidslivet for å sørgje for at utdanninga er relevant for eitt eller fleire yrkesfelt. Dette er nokre eksempel på kompetansar og ordningar de treng.
De treng økonomiske ressursar og kompetanse i økonomistyring
De må sjølve skaffe økonomiske ressursar til å drive utdanninga i tråd med regelverket, både i forkant av oppstart og ved drift. Fagskular som får akkreditert ei utdanning, får ikkje automatisk offentleg tilskot.
NOKUT vurderer ikkje økonomien dykkar når de søkjer om akkreditering. Men når styret til fagskulen søkjer akkreditering, forpliktar det seg til å drive den akkrediterte utdanninga i tråd med regelverket. Dette krev blant anna at de kan finansiere og få på plass infrastrukturen og fagmiljøet som førespegla i søknaden. Både utviklinga av styrande dokument for fagskulen, utviklinga av utdanninga og tilsettinga av ein fagleg ansvarleg for utdanninga vil krevje økonomiske ressursar i forkant av at de sender inn søknaden.
Fagskoleloven handlar mellom anna om reglar for økonomistyringa for private fagskular. For å drive lovleg etter at de har fått ei akkreditering, må de ha kompetanse og system som gjer at de kan følge desse reglane. NOKUT fører økonomisk tilsyn med private fagskular. Dette tilsynet omfattar kontroll av økonomistyringa til institusjonen, arbeidet og samansettinga til styret, og internkontroll.
Mange private fagskular mottek ikkje offentlege tilskot, og må basere drifta på skulepengar frå studentane. Alle skulepengar ein fagskule tek imot frå studentane, skal etter regelverket brukast på den akkrediterte utdanninga.
De kan søkje om offentleg tilskot til å drive fagskuleutdanning. Det er i hovudsak fylkeskommunen som gjev tilskot til fagskular. De kan kontakte fylkeskommunen dersom de har spørsmål til tilskot. NOKUT løyver ikkje pengar til utdanningar, og kan ikkje svare på spørsmål om korleis de kan få tilskot.