Godkjente kvalitetsarbeid ved fire høgskular
Ansgar høgskule, Fjellhaug Internasjonale Høgskole og Lovisenberg diakonale høgskule oppfyller alle krava til systematisk kvalitetsarbeid. I tillegg har Høgskulen i Volda fått godkjent kvalitetsarbeidet etter oppretting.
NOKUT gjennomførde tilsyna ved Ansgar høgskule, Fjellhaug Internasjonale Høgskole og Lovisenberg diakonale høgskule hausten 2021, og vedtaka blei fatta av NOKUTs styre 21. april 2022.
– Gjennom tilsyna har dei tre høgskulane vist at dei arbeider godt med å sikre og vidareutvikle kvaliteten i utdanningane, og dermed har dei fått vurdert det systematiske kvalitetsarbeidet sitt som tilfredsstillande, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.
Institusjonane har sjølve ansvar for kvaliteten i dei studietilboda dei tilbyr. NOKUTs periodiske tilsyn med kvalitetsarbeidet ved universiteta og høgskulane kontrollerer at institusjonane arbeider systematisk med å sikre og utvikle kvaliteten i utdanningane. I tillegg skal institusjonane gjennom tilsyna få råd som dei kan bruke i vidareutviklinga si.
– Vi håper høgskulane opplever at tilsynsprosessen har vore god, og at dei opplever råda som nyttige i arbeidet til høgskulane med å vidareutvikle kvalitetsarbeidet og kvaliteten i utdanningane dei tilbyr, seier Vinje.
Læringsmiljø som sentral del av kvalitetsarbeidet
Tilsyna viser at høgskulane arbeider systematisk med kvalitetsarbeid som bidrar til å sikre både tilstrekkeleg kontroll med, og utvikling av, utdanningane ved institusjonane. Arbeid med læringsmiljøet er tydeleg integrert i kvalitetssystema ved høgskulane og i kvalitetsarbeidet. Tilsyna har også vist at kvalitetsarbeidet er godt forankra på alle nivåa i organisasjonane.
Dei tre høgskulane får likevel råd om å styrkje opplæringa av studenttillitsvalde, blant anna ved å spisse opplæringa mot dei ulike råda og utvala studentane deltek i.
– Dette er ei kjend problemstilling frå tilsyn ved andre institusjonar, og det er ei problemstilling som også desse tre høgskulane har fått råd om å arbeide vidare med, forklarer Vinje.
Høgskulane gjennomførde endringar i kvalitetssystema sine i forkant av tilsyna, to av dei så seint som i 2021. Det å vidareutvikle systema er viktig for å sikre at kvalitetsarbeidet tilfredsstiller formelle krav til systematisk kvalitetsarbeid, og for å sørgje for at systema er tilpassa institusjonane. Det tek tid å setje slike endringar ut i live i organisasjonane, og dette har ført til at høgskulane i varierande grad har fått vist korleis endringane fungerer i praksis.
– Det er bra at institusjonane kontinuerleg arbeider med å vidareutvikle kvalitetssystema. Vi vil samstundes gje institusjonar som skal gjennom eit NOKUT-tilsyn eit råd om å sørgje for at dei gjer endringar i systemet og kvalitetsarbeidet i god tid før tilsynet startar, slik at dei gjennom dokumentasjonen også får vist korleis endringane fungerer i praksis, seier Vinje.
Godkjent kvalitetsarbeid ved Høgskulen i Volda etter oppretting
NOKUT gjennomførte tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet ved Høgskulen i Volda i 2020, og NOKUTs styre fatta vedtak 22. april 2021. I tilsynet vurderte NOKUT at kvalitetsarbeidet ved høgskulen hadde enkelte manglar, fordi høgskulen ikkje kunne vise til at dei hadde gjennomført periodiske evalueringar med representantar frå arbeids- og samfunnsliv i panela. NOKUTs styre har i dag fatta vedtak om at kvalitetsarbeidet ved Høgskulen i Volda er tilfredsstillande.
– Vi er glade for å sjå at høgskulen har retta opp mangelen, og kan vise til vidareutvikla prosessar og resultat frå evalueringane, avsluttar Vinje.